HeimNyheiterKommune-Kari svarar deg døgnet rundt – ho er på plass på nettsida vår

Kommune-Kari svarar deg døgnet rundt – ho er på plass på nettsida vår

Dei siste vekene har kommunane i IKT-samarbeidet vårt jobba med opplæring av ein ny, digital medarbeidar. Medarbeidaren heiter Kommune-Kari, og er allereie «tilsett» i fleire norske kommunar.

 

Kunstig intelligens

Kommune-Kari er eit dataprogram på nettsida til kommunen som bruker kunstig intelligens og maskinlæring for å heile tida forbetre svara på spørsmål som vert stilt. Ho vert meir treffsikker i svara dess meir ho vert brukt. 

Slik bruker du Kommune-Kari

Kommune-Kari finn du her på nettsida til kommunen frå tysdag 1. mars klokka 12.

Ho ligg oppe i eit eige søkjefelt, og når du trykker på dette kjem det opp eit vindauge nede i høgre hjørne der du kan stille korte spørsmål. Kari vil straks analysere spørsmålet, og gi deg svar på det du spør om, eller vise deg lenker til sider med aktuell informasjon.

Det er ikkje eit menneske som svarar når du spør Kommune-Kari. Ho svarar heller ikkje på konkrete saker du måtte ha i kommunen, men gir generell informasjon om tenestene våre.

Fakta om Kommune-Kari

  • Kommune-Kari er ein såkalla chatbot, eller snakke-robot, som svarar på spørsmål om kommunen sine tenester.
  • Når ein innbyggjar stiller eit spørsmål i chaten, vil programmet analysere og prøve å forstå spørsmålet basert på det vi har lært den, og kva data som er tilgjengelege. Gjennom dialog med innbyggjar vil chatboten svare og etter kvart gi betre svar. Ho er allereie programmert til å svare på tusenvis av spørsmål.
  • Kommune-Kari er på plass heile døgnet.

 

 


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 01.03.2022