Påmelding til sommaraktivitetsveke for barn og unge i veke 26 - ny frist for påmelding 1. juni
I år er det lærlingane i barne- og ungdomsarbeid som er aktivitetsleiarar. Dei har og ansvar for planlegginga av dagane, når påmeldinga er godt i gang.
Fordelinga mellom dei er slik:
- 1.-3.klasse: aktivitetsleiarar er Emma Karoline Rutledal og Tonje Bauge Nævdal
- 4.-6.klasse: aktivitetsleiarar er Frida Halland og Mariell Stamnes
- 7.-10.klasse: aktivitetsleiarar er Frida Halland og Mariell Stamnes
Overordna plan for dagane er
- Måndag 26. juni
1. - 3. trinn og 4.-6.trinn. Stad: Flolid/Eivindvik - Tysdag 27. juni
1.-3. trinn og 4.- 6. trinn. Stad: Brekke - Onsdag 28. juni
1. - 4. trinn. Stad: Mjømna.
7.-10.trinn. Stad: Byrknes/Skjerjehamn. Program ikkje stadfesta: omvisning på fiskemottak med aktivitet eller aktivitet på Skjerjehamn - Torsdag 29. juni
1.-3. trinn og 4.- 6. trinn. Stad: Dalsøyra - Fredag 30. juni
7. - 10. trinn. Stad: Dalsøyra eller Flolid. Idrettsturnering.
Viktig informasjon
- Tidspunkt 10:00 - 14:00 kvar dag.
- Det vil bli sett opp gratis transport frå alle skulekrinsane og bygdene rundt.
- Alle må ha med seg niste og drikke.
- Det er heilt greitt å ha med føresette for dei som ynskjer det.
Påmelding
Frist for påmelding er 1. juni. Detaljert program kjem etter påmeldingsfristen.
Etter tips frå fjoråret har me som mål å lage ein introduksjonsvideo av aktivitetsleiarane til dei minste.
Tone Ekerhovd, som er kulturformidlar på Gulatinget, skal ha eit kulturelt opplegg på Flolid, i tillegg til aktivitetane som aktivitetsleiarane har lagt opp til.
BUA Gulen sitt fritidsutstyr kan nyttast og saman med fine uteareal i kommunen er moglegheitene mange.
Kontakt
Vil du eller ditt lag bidra med noko eller du har kjekke forslag til aktivitetar på dei ulike stadane, ta gjerne kontakt med Una Prestegaard på e-post: una.prestegaard@gulen.kommune.no
Har du spørsmål som føresett, ta kontakt med Una på e-post eller telefon
57 78 20 08 måndag - fredag mellom 08:30 - 15:30.