HeimNyheiterSommaraktivitets Veka

Sommaraktivitets Veka

Frivilligsentral hadde over 40 sprudlande og glade 1.-4. klassinger og rundt 20 smilande og blide 5.-7. klassinger med seg denne veka. 20 blide og aktive ungdomskuleelvar samla seg på Flolid og spela paintball, volleyball og grilla.

Synnøve Johansen og Aina Nordgulen gjorde ein kjempe jobb som aktivitetsleiarar og med seg hadde dei Jarle Leknes, Alette Leknes, Hannah Rutledal, Thea Haveland og Mathias Heggernæs. Så var Frivilligsentral heldig å få samarbeide med Gulatinget og Tone Ekerhovd.

Når gjengen blei spurt om dei ville ha sommarskule til neste år, fekk dei eit stor JA😊

Gulen frivilligsentral vil takke Gulen Taxi for eit godt  samarbeid. Her har det vært born frå Indre Oppedal til Byrknes, mykje logistikkarbeid for at alt skal gå i hop.

Vi fekk og helst på flyktingane som har kome her til Gulen. Håper dei har kost seg på Flolid og Dalsøyra og fått sett litt kva Gulen har av aktivtetsområde og kanskje fått ein ny venn.

Vi er heldig som har BUA Gulen, gjennom denne aktivitetsveka har vi lånt utstyr frå BUA til aktivitetane vi har gjennomført. Så må vi takke 4h for lån av paintball utstyr.

Gulen frivilligsentral ynskje alle ein riktig god sommar😊

Bilde


Sist oppdatert: 18.07.2022
Publisert: 01.07.2022