Svangerskapsavbrot

Du kan be om abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar).

Du treng ikkje å grunngi valet ditt, og vel sjølv om du vil ta imot rettleiing og råd.

Snakkar du med lege, skal han eller ho gi informasjon om inngrepet blir utført og eventuelle komplikasjonar. Legen skal også gi informasjon om den støtta samfunnet kan gi deg, dersom du ønskjer det.

Slik går du fram

  • Du kan snakke med lege, helsestasjon eller ta direkte kontakt med eit sjukehus med gynekologisk avdeling.
  • Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å ta kontakt med sjukehuset.
  • Når du tar kontakt med lege, helsestasjon eller sjukehus, må dei vite datoen for første dag i den siste menstruasjonen din.

Vil du snakke med jordmor?

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 19.11.2020
Publisert: 28.06.2018