Vald og overgrep

Kontakt oss

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

  • Vi har avtale med krisesenteret i Bergen.
  • Bergen Legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsofre.
Kontaktinformasjon
Kva kostar det?

Tilboda er gratis.

Krisesentertilbodet i kommunen

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til. Informasjon på andre språk finn du her: Din utvei - Languages


Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter for Bergen og omegn.
Trykk her for informasjon om krisesenteret.

Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:

  • Ein trygg, mellombels stad å bu eller dagtilbod om du heller vil
  • Beskyttelse, sikkerheit, råd og rettleiing

Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.

  • Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
  • Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
  • Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakte senteret

Kontaktinformasjon til kommunens krisesenter:

Krisesenter for Bergen og omegn
Døgnåpent telefonnummer: 55 31 50 50
E-postadresse: krisesenteret@bergen.kommune.no
Nettside: Krisesenter for Bergen og omegn

Meir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her:

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt

Tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Trykk her for å lese meir

Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande
  • er eit døgnopent tilbod til born og unge, kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep
  • pårørande til seksuelt misbrukte kan også nytte tilbodet

Trykk her for å lese meir

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO)
  • er eit tilbod til ungdom, kvinner og menn som har opplevd seksuelle overgrep.
  • tilbyr hjelp til sjølvhjelp, råd og rettleiing
  • du treng inga tilvising
  • har tilbod til pårørande

Trykk her for å lese meir

Rettleiar til fornærma i straffesaker

Overgrep.no har utarbeida ein vegleiar til fornærma i streffesaker.

Trykk her for å opne rettleiar til fornærma


Sist oppdatert: 20.01.2022
Publisert: 20.10.2020