Omsorgsstønad

Søkje omsorgsstønad

Du kan søke omsorgsstønad dersom du har særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Omsorgsstønad er det vi tidlegare kalla for omsorgslønn.

Målet er at familien kan halde fram å ha omsorg for sine næraste. Vedtak om hjelpestønad blir samordna med omsorgsstønad og anna form for avlasting.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Desse spørsmåla må du svare på i søknaden
  • Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
  • Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
  • Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?
Kva får du?
  • Du får godtgjersle for dei timane vi gir deg til pleie- og omsorgsarbeid i heimen kvar månad.
  • Du får kontrakt med opplysningar om timar per veke, lønn og andre vilkår.
Krav til søkjar
  • Han eller ho som mottar omsorg må bu heime.
  • Arbeidet må vere særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
  • I lag med oss, må du vurdere om omsorgsstønad er det beste alternativet saman med eventuelt andre hjelpetiltak.
  • Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette.
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svara deg innan 4 veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.
Kontakt oss 

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 28.02.2024
Publisert: 08.06.2018