HeimHelse, sosial og omsorgPsykisk helse og rusSøkje psykisk helse og rusteneste

Søkje psykisk helse og rusteneste

Treng du hjelp og rettleiing til psykiske lidingar og/eller rusrelaterte problem?

Psykisk helseteneste eit tilbod med individuell oppfølging, arbeids- og aktivitetstilbod, gruppebasert aktivitetstilbod, fritidsgrupper og samtalegrupper.

Psykisk helseteneste gir også hjelp til deg som er i målgruppa og bur i ein omsorgsbustad med døgnbemanning.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

Vi gir mellom anna hjelp til:

  • medisinoppfølging med legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • burettleiing
  • individuell plan
  • oppfølging av barn med pårørande som er psykisk sjuke og/eller har rusrelaterte problem
  • samtaler
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss
Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.02.2023
Publisert: 05.07.2018