HeimPlan, bygg og eigedomInformasjon om planleggingSamfunnsplanen til Gulen kommune skal no til politisk behandling

Samfunnsplanen til Gulen kommune skal no til politisk behandling

Trykk her for å lese kunngjering: Høyring og offentleg ettersyn av Samfunnsplan for Gulen kommune 2022 – 2034

 

Arbeidet med ny samfunnsplan: Kva seier innbyggjarane? 

I arbeidet med ny samfunnsplan er det henta inn informasjon frå dei ulike aldersgruppene i kommunen. Vi har nytta ulike metodar for å innhente informasjon, og har tilpassa metodane til innbyggjargruppene. Vi har primært brukt møteaktivitet, invitasjon til politiske møte og digitale undersøkingar. Ein fellesnemnar for alle aldersgruppene er ynskje om fleire inkluderande formelle og uformelle møtestadar. - og det får vi til når alle innbyggarane engasjerer seg i målet om å auke og gjere kjent tilbod om møtestadar.

Innbyggjarundersøkinga for dei yngre (18 – 29 år) trekkjer fram at gode bualternativ og gode oppvekstvilkår er viktig for at dei skal fortsetje å bu i kommunen. På spørsmål om årsak til at ein eventuelt ikkje ser for seg ei framtid i Gulen, så er fylgjande gjentakande; ynskjer fleire alternative fritidstilbod,jobbmoglegheiter i kommunen etter endt utdanning og moglegheit til å byggje hus der ein ynskjer å bu i kommunen.

Ein tredjedel av dei som har svart på spørjeundersøkinga melder at dei kunne tenkje seg å vere initiativtakar for aktivitetar i lag med andre. Det er altså stort potensiale for saman å skape eit breiare aktivitetstilbod i kommune. To personar har til og med meldt at dei kan ta på seg ei koordinerande rolle med tanke på å få informasjonen om aktivitetar fram til målgruppa.

Dårleg kollektivtransporttilbod vert også nemnt som ei utfordring hjå denne aldersgruppa.

Innbyggjarane i aldersgruppa 30 – 64 år trekkjer fram natur og nettverk som hovudårsak til at dei har valt å bu i kommunen. Tryggleik, gode oppvekstvilkår og fridom scorar også høgt.

Når det kjem til kva denne aldersgruppa manglar i kommunen, så er fritidstilbod, tilbod til borna og kollektivtransport gjentakande.

Mange melder at dei syns det er vanskeleg å påverke lokalsamfunnet sitt. Bakgrunnen er uklar, men det er klart at ein i framtida kan hauste godt av at innbyggjarane veit korleis dei skal spele inn idear til kommunen.

I eit perspektiv på 15 år, melder aldersgruppa at godt butilbod i alle livet sine fasar og attraktive arbeidsplassar er viktig.

Innbyggjarane i aldersgruppa 64 år og eldre har kome med gode konkrete innspel om mellom anna; Tilgjengelegheit på lege, alternative butilhøve til einebustad, tilgang på toalett i sentrum, og aktivitet og møteplassar på tvers av generasjonar. Dei ynskjer òg «Heim for ein 50-lapp», og saknar ein arena for å bli oppdatert på eksisterande tilbod; både aktivitet og skyss / transport. Det er i tillegg viktig med tiltak for å motverke einsemd.

Vi er takknemleg for alle dei engasjert innbyggjarane i Gulen som har bidrege ved å svare på spørjeundersøkingane og delta på møta.
Kvar og ein er viktig for at vi i samarbeid skal bevare og utvikle kommunen vidare og gjere den meir attraktive for alle som bur her, og for dei som ynskjer å busetje seg her.
Vi treng dei levande lokalsamfunna med engasjerte innbyggjarar, aktivitetar og møteplassar, dei varierte og attraktive arbeidsplassane og dei trygge og gode oppvekstmiljøa for å sikre god livskvalitet.
Vidare må vi utvikle oss og skape saman, og finne ut korleis eit behov eller utfordring kan løysast gjennom gode og effektive samarbeidsprosessar. Kommunen vil fokusere på å legge til rette slik at vi saman får til meir, og løftar lokalsamfunnet i ynskt retning.

Dokument: 

 

 


Sist oppdatert: 20.09.2022
Publisert: 20.06.2022