Byggjegrense langs offentleg veg
Byggjegrense
Denne artikkelen handlar om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.
Trykk her for å laste ned ein rettleiar om byggjegrense til riks- eller fylkesveg.
Kva kan du søkje om?
I kommunen behandlar vi søknadar om:
- dispensasjon byggjegrensa på 15 meter
- dispensasjon frå byggjegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringar)
- løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
- løyve til å strekkje leidning over eller langs veg
Vi kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.
Kven skal behandle søknaden din?
Ønskjer du å byggje noko innanfor 15-metersgrensa, må du søkje om dispensasjon frå byggjegrense mot veg.
Kva du søkjer om, avgjer kva avdeling i kommunen du skal rette søknaden din til:
- i område utan reguleringsplan blir søknad behandla av vegavdelinga
- i regulerte område blir søknaden behandla av byggjesaksavdelinga
- ønskjer du å plassere noko nærare enn fire meter frå det offentlege leidningsnettet, må du søkje vass- og avløpsavdelinga i kommunen om dispensasjon frå kravet til avstand
Når du fyller ut søknadsskjema må du krysse av for om du skal byggje i eit regulert eller uregulert område. Fører søknaden din til etablering, endring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring, må du i tillegg søkje om løyve til dette.
Trykk her for å lese meir om avkøyring frå kommunal veg.
Slik søkjer du
- Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot byggjegrense
- Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal byggje eller endre
- Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal byggje eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Gulen kommune.
Søknaden sende du til Gulen kommune via:
Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no
eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Treng du hjelp?
Treng du hjelp til å finne dei rette karta? Ta kontakt med innbyggjarservice på telefon 57 78 20 00 eller på e-post postmottak@gulen.kommune.no
Treng du hjelp til ei byggjesak?
Byggesak har rettleiing på telefon. Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale. Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. Sjå informasjon om det her.
- Opningstid:
- Måndag: 10.00 - 15.00 - Trykk her for å førehandsbestille telefontid eller møte
- Fredag: 09:00 -12:00 - Trykk her for å bestille møte
- Telefon: 57 78 20 00
- E-post: postmottak@gulen.kommune.no