Val
Tidlegrøysting 3. juli - 9. august
I perioden 3. juli til og med 9. august er det høve til å tidlegrøyste, dersom du ikkje har høve til å gjere det i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen.
Tidlegrøystinga finn stad ved Innbyggarservice på kommunehuset i Eivindvik, måndag til fredag mellom 09.00 og 15.00.
Ta kontakt på telefon 57 78 20 00 eller på e-post til postmottak@gulen.kommune.no, for å avtale tidspunkt for å tidlegrøysting.
Det er ikkje eit krav om valkort til tidlegrøystinga, men hugs å ta med legitimasjon.
Førehandsrøysting 10. august - 8. september
I perioden 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i
Innbyggarservice på kommunehuset i Eivindvik.
Tid: måndag til fredag mellom 09.00 og 15.00.
Torsdag 7. september kan du førehandsrøyste på kommunehuset fram til 18.00.
Førehandsrøysting i krinsane og på institusjonar
Førehandsrøystinga i krinsane og på institusjonane er open for alle, og føregår desse dagane:
Stad | Dato | Tid |
Gulen sjukeheim | 1. september | 11:00 - 13:00 |
Vidsyn | 1. september | 12:00 - 19:00 |
Eivindvik bu- og omsorgssenter | 2. september | 11:00 - 14:00 |
Byrknes bu- og omsorgssenter | 2. september | 11:00 - 14:00 |
Dalsøyra bu- og omsorgssenter | 2. september | 11:00 - 14:00 |
Brekke bu- og omsorgssenter | 2. september | 11:00 - 14:00 |
Røysting på valdagen 11. september
Oversyn over tid og stad for røysting på valdagen 11. september ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023:
Krins | Røystestad | Tid |
Brekke | Risnehallen samfunnshus | 10:00 - 18:00 |
Byrknes | Byrknes skule | 10:00 - 18:00 |
Dalsøyra | Dalsøyra samfunnshus | 10:00 - 18:00 |
Eivindvik | Kommunehuset | 10:00 - 18:00 |
På valdagen den 11. september må du røyste i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2023.
Heimerøysting
Dersom du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i Gulen kommune om å få røyste heime eller der du held til.
Ved heimerøysting kjem to valmedarbeidarar frå kommunen heim til veljar, som ikkje har høve til å komme seg til eit røystelokale. Valmedarbeidarane har med eit "minirøystelokale", med røystesetlar, valurne og alt anna som trengs. Dei som røyster heime må hugse å ha legitimasjon tilgjengeleg.
Du kan søkje om å førehandsrøyste heime/på opphaldsstaden til og med onsdag 6. september ved å ta kontakt på telefon 57 78 20 00.
Valkort
Alle som har rett til å røyste skal få tilsendt valkort. Kortet bør takast med når du skal røyste då dette lettar arbeidet for valfunksjonærane, samstundes som det vil gå raskare for deg å røyste.
Valkortet vert sendt til di digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot, eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege, får du valkortet ditt tilsendt på papir.
Har du ikkje motteke valkortet, eller har mista eller gløymt det, får du likevel røyste.
Legitimasjon
Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Det er ikkje nok å oppgje namn og fødselsdato. Legitimasjonen kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde namnet på veljaren, fødselsdato og bilete.
Dersom du oppheld deg på ein institusjon, som til dømes sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å bekrefte identiteten din.
Godkjende vallister til kommunestyrevalet 2023
Oversikt over godkjende vallister til kommunestyrevalet 2023 finn du her
Nasjonal informasjon om valet
Her kan du lesa meir om val: