HeimSkule og utdanningMusikk- og kulturskulen

Musikk- og kulturskulen

På Gulen musikk- og kulturskule kan du lære å spele eit instrument, syngje, spele i korps eller gå på teikne og måleverkstad. Det er eit mål å gje elevane i musikk- og kulturskulen undervisning som er tilpassa deira interesse og føresetnader. Så langt det er mogeleg vert det lagt opp til undervisning i alle skulekrinsar, men i enkelte høve må ein rekne med at elevar må fraktast til andre skulekrinsar enn dei bur for undervisning. Det blir òg lagt opp til undervisning i SFO tida for dei små så langt det let seg gjere.

Målgruppe

Alle barn og unge i Gulen kan søkje på dei ulike tilboda i musikk og kulturskulen. Vaksne kan og søkje, men barn og unge vert prioriterte.

Musikk- og kulturskulen sel og dirigent / instruktørtenester til kor og korps. Sjå eigen info.

Slik søkjer du, faga våre

Søknadsskjema nye elevar, trykk her


Søknad eksisterande elevar, logg inn her


Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai kvart år.

 

Prisar

Satsar for Gulen musikk- og kulturskule 2024

Per år Kroner
Enkeltelevar (kjerneprogram), barn/unge 2 940,-
Gruppetilbod (breiddeprogram), barn/unge 1 250,-
Enkeltelevar, vaksne

3 520,-

Sal av dirigenttenester

420,- (per time)

 

Kan eg få fleire tilbod?

Ja, men det må betalast for alle tilboda. 

Må eg ha instrument?

Det vert for det meste lagt opp til bruk av instrument elevane rår over sjølve. Når det gjeld tangentinstrument brukar me instrument som er på skulane til undervisning, men elevane Må disponere eit instrument for å få øve heime. Heimeøving er avgjerande for god utvikling.

Re-registrering og utmelding

Registrering for neste skuleår må gjerast inni Speedadmin innan 1. mai.

Utmelding i skuleåret må gjerast skriftleg innan 1.desember. Elles må det betalast for neste halvår. 

Refusjon

Du kan søkje om, og har krav på, refusjon dersom kulturskulen ikkje klarar å skaffe vikar, og du mister meir enn tre undervisningsdagar per skuleår.

Tap av elevplass

Kulturskulen kan seie opp elevplassen dersom eleven:

  • Viser åtferd som er til hinder for undervisinga.
  • Ved manglande innbetaling av eigenandel.
Reglement
  • Vi følgjer skuleruta for grunnskulen slik at når grunnskulen har fridagar, så har musikk- og kulturskulen det og.
  • Fråvær frå ein undervisningstime, skal meldast til lærar på førehand i så god tid som mogeleg dersom eleven av ein eller annan grunn ikkje kan komme til timen. (Melding til lærar er ok).
  • Er ein elev borte frå ein time, har han ikkje krav på å få denne igjen. Det kan gjerast avtalar med lærar dersom det passar for lærar. 

Vil nokon gå på musikk- og kulturskulen på meir enn eit tilbod, kan det søkjast om, men då må det betalast for kvart tilbod.

Kontaktinformasjon

Inger Marie Håheim Tynning
Leiar musikk- og kulturskulen
Tlf: 57782059 (jobb) / 92894188 (priv.)
imht@gulen.kommune.no

Rammeplan for kulturskulen

Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kulturskulen.


Sist oppdatert: 22.01.2024
Publisert: 20.08.2018