HeimSkule og utdanningSkuleadministrativt system - Visma Flyt skole

Skuleadministrativt system - Visma Flyt skole

Føresett-appen Min Skole

Gulen kommune har innført Visma Flyt Skole sin føresett-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom heim og skule.

Alle meldingar som sendast mellom skulen og føresette via føresett-appen Min Skole, loggførast på eleven si meldingsfane i Visma Flyt Skole.

NB - ikkje send sensitiv informasjon (som detaljar om sjukdom eller mistrivsel) i føresett-appen, og heller ikkje på sms eller e-post til skulen.

Les meir om korleis du lastar ned føresett-appen Min Skole og korleis du bruker appen her:

Min Skole 

Visma si brukarrettleiing til føresette om App'en

 

Webversjonen av Visma Flyt Skole (føresettportalen)

Som føresett kan du logge på webversjonen av Visma Flyt skole med
ID-porten.

I webversjonen kan du blant anna:

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
  • Finne kontaktinformasjon til skulen og lenker/dokument skulen legg ut
  • Endre varslingsinnstillingar
  • Lese vurderingar og karakterar
  • Lese eleven sine dokument
  • Følgje med på fråvær som er ført på eleven
  • Oversikt over merknader 
  • Finne og svare på digitale spørjeskjema
  • Søke permisjon
  • Søke, sei opp eller endre SFO-plass
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har.

Brukarrettleiing for føresette i Visma Flyt skole 

Logg inn i Visma Flyt skole


Har du problem med tilgang?

Dersom du har problem med tilgang tar du kontakt med skulen.


Sist oppdatert: 08.06.2023
Publisert: 23.11.2021