Vassforsyning

Kokevarsel

Oppstår det uønska hendingar, som førar til ureining av drikkevatnet ditt, vil Gulen kommune sende kokevarsel til mobilen din eller lese inn ei talemelding til fasttelefonen din.

Vi sender berre kokevarsel når vi ikkje er heilt trygge på vasskvaliteten, og ønskjer å verne deg og dei andre abonnentane mot ein eventuell smittefare.

Grunnen til at vatnet er hygienisk utrygt i ein periode, kan til dømes skuldast brot på ei vassleidning eller svikt i reinsinga ved vassverket.

Lurar du på kva du skal gjere ved kokevarsel?

Trykk her for å laste ned gode råd frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Vi må ha to «gode» prøvar på rad, før vi kan oppheve eit kokepåbod.

Vaskemaskin og oppvaskmaskin

Kjem det eit gråkvitt belegg på glasa du vaskar i oppvaskmaskina di? Synes du det skummar lite i vaskemaskina? Då kan det hende du har det fagfolka kallar for «hardt vatn».

Les manualen til vaskemaskina eller oppvaskmaskina di, for å sjå kva tiltak du eventuelt skal gjere. Normalt er rådet å tilsetje salt. Vatn levert frå kommunen sine vassverk inneheld normalt lite kalsium og magnesium, og dette vil difor sjeldan vere noko problem.

Ønskjer du å lese meir om hardt vatn og drikkevatn – trykk her.

Vasskvalitet

Drikkevatnet skal oppfylle krava i Drikkevassforskrifta. Det er ulik behandling av vatnet ved dei ulike vassverka, og bestemt ut frå kvaliteten på råvatnet (vasskjelda).

Vasskvaliteten vert nøye overvaka, både gjennom eigne driftsrutinar, og vassprøver som vert analysert av eit eksternt laboratorium. Kor ofte prøvane vert tekne, og kva analysar som vert utført, vert regulert av Drikkevassforskrifta og godkjent av Mattilsynet.
Vatnet frå kommunen sine vassverk er god.

Trykk her for å lese meir om prøveresultata.

Får du vatn frå ein brønn, og lurar på om vatnet er reint og trygt?

Folkehelseinstituttet har laga ei brosjyre om "Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta". Trykk her for å laste ned brosjyra.

Vassmålar

I Gulen kommune må næringseigedomar installere vassmålar. Eig du ein privat bustad, kan du velje sjølv.

Informasjon til deg som driv næring:

  • Du må sjølv lese av og melde inn vassforbruket til kommunen i januar kvart år. Storleiken på gebyret bedrifta di får, heng saman med kor mykje vatn de har brukt.
  • Du må sjølv dekke kostnadar med vassmålar og installasjon av denne. Arbeidet må utførast av godkjent føretak (røyrleggar) og stette krava i KS Administrative/tekniske bestemmelsar

Informasjon til deg som eig privat bustad:

  • Dei fleste bustadar i Gulen kommune vel å ikkje ha eigen vassmålar.

Lese av vassmålaren din

Kven gjeld dette?

Denne informasjonen gjeld berre dei som har fått melding frå kommunen.

Dei som må melde inn vassforbruket sitt er næringsabonnentar som bedrifter, lag og organisasjonar og bønder. I tillegg har enkelte hushald installert måler. 

Slik les du av vassmålaren din

Telleverket på målaren din har normalt fem siffer. Du les av heile talet. Eksempel: 00210. I tillegg må du gje opp målarnummer (står innstempla på målaren) eller gårds- og bruksnummer som avlesinga gjeld.

Meld vassmålarstand til postmottak@gulen.kommune.no

Registrere ny vassmålar

Her kan du fylle ut skjema for registrering av vassmålar


Sist oppdatert: 31.01.2023
Publisert: 10.10.2018