HeimOm kommunenFakta om Gulen kommune

Fakta om Gulen kommune

Kort fakta om kommunen
  • Landareal: 596 km2
  • Innbyggjartal: Trykk her for SSB sine oppdaterte tal
  • Administrasjonssenter: Eivindvik
  • Fylke: Vestland
  • Målform: Nynorsk
  • Kommunenummer: 4635
  • Høgaste fjell: Svadfjellet 878 moh
  • Kommunevåpen: To krossar
  • Logo:
    Logo Gulen kommune

Natur og geografi

Kystkommunen Gulen ligg i Vestland fylket og mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Landarealet på 596km² inneheld ein variert og spennande natur. med 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet. Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust, mot Stølsheimen. Innbyggjarane bur spreidd i landskapet, og fordeler seg ganske jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.

Kommunikasjonane nord- og sørover er gode. Frå kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til Bergen, medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller Førde frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Ekspressbåtar tek deg trygt og raskt til Bergen, fjordane og Indre Sogn.

Kultur

Gulen har ei rik soge. Gulatinget, som var det første landsdelstinget i Noreg og ein viktig grunnstein i oppbygginga av statsapparatet etter samlinga av Noreg til eit rike, var skipa i Gulen ein gang før år 900. Gulatinget held til i Gulen i over 400 år, til det vart flytta til Bergen rundt år 1300. Dei to vakre steinkrossane i Eivindvik og døypefonten av stein i Gulen Kyrkje, alle truleg frå omlag år 1000, er av dei finaste tidlege kristne minnesmerka i landet, og syner at Gulen låg sentralt til i vikingtida.

Tusenårstaden Gulatinget har sidan opninga i 2005 vore ein viktig attraksjon i Gulen. Gulatinget tek kvart år imot publikum og formidla historia knytt til tidleg demokratiutvikling og rettsutvikling i Noreg. Skulptøren Bård Breivik har utforma ein ruvande skulpturpark på Gulatinget.

Meir informasjon om Gulatinget finn du her


Sist oppdatert: 31.01.2024
Publisert: 24.05.2022