Anleggsverksemd i samband med Sjøkabel Haugsvær- Lindås
Statnett har varsla at dei er i gang med anleggsverksemd i samband med etablering av to nye sjøkablar over Fensfjorden.
Publisert:
06.12.2023
Sist endra:
06.12.2023
Arbeidet vil først starte opp på land i januar 2024, medan det i juni/juli 2024 skal vere klart for å legge kablane i sjø.
For meir informasjon kan ein gå til Statnett sin nettstad under tema; Sjøkabel Haugsvær-Lindås. Her vil ein òg kunne melde seg på å få løpande informasjon via eigne nyheitsbrev.