Faktura og betalingar
Betale faktura frå Gulen kommune?
Kva bankkonto skal du betale til?
Alle rekningar frå Gulen kommune skal betalast til bankkonto 3705.31.50943 som også er oppgitt på fakturaen. Det er viktig å oppgje aktuelt KID-nummer for å sikre rask og korrekt handsaming av innbetalinga di.
Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar:
- IBAN-KODE: NO57 3705 3150 943
- SWIFT/BIC-adresse: SOFJNO22
Kva måte vil du betale fakturaene dine på?
Privatpersonar:
Vi nytter følgjande kanalar ved utsendinga i prioritert rekkefølgje:
- avtalegiro
- eFaktura
- Vipps
- digital postkasse
- e-post
- papirfaktura
Ønskjer du å endre kvar du mottek faktura?
eFaktura:
- Sjekk dine aktive betalingsavtalar og innstillingar i nettbanken din
- Ver merksam på “Ja-takk til alle”
- “Ja-takk til alle” kan vere sett opp ulikt i bankane – sjekk banken din
- Har du betalt rekningar for andre kan du ha oppretta betalingsavtale for andre.
Trykk her for å lese meir om eFaktura
Vipps:
Om du ikkje ønskjer faktura tilsendt på Vipps må du deaktivere dette under Profil, Regninger og eFaktura i Vipps-appen.
Meir hjelp ved Vipps
Digital postkasse:
Sjekk innstillingar i den digitale postkassen
For næring/verksemder:
Faktura blir som standard sendt i denne rekkefølgje:
- EHF
- e-post
- papirfaktura
For å få faktura på EHF må økonomisystemet ditt vere oppdatert for å få tilsendt faktura på EHF, og du må melde verksemda inn i Elma og Aksesspunkt.
Trykk her for å lese meir om Elma og Aksesspunkt
Har du spørsmål om innbetaling av faktura?
Ta kontakt med økonomiavdelinga
- Telefon: 57 78 20 00
- E-post: faktura@gulen.kommune.no
Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?
Ta kontakt med sentralbordet ved spørsmål til desse fakturaene:
- Gebyr innanfor vatn, avlaup, byggesak, oppmåling, plan
- Eigedomsskatt
- Helse- og omsorgstenester
Kontaktsenteret er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.
- Ring oss på telefon 57 78 20 00
- Send ein e-post til: postmottak@gulen.kommune.no
- Digital post: eDialog, sikker innsending trykk her
Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt
Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt
Spørsmål om musikkskule: Ta kontakt med leiar for musikkskulen
Tilskot og gåver
For andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) kan du merke med den avdelinga du ønskjer å gi til, eller ta kontakt med økonomiavdelinga vår for å få informasjon om korleis du skal merke innbetalinga.
- E-post: faktura@gulen.kommune.no
- Gåvekonto: 3817 07 01051
Sende faktura til kommunen?
Gulen kommune krev elektronisk faktura, EHF, på alle typar innkjøp og bestillingar.
Organisasjonsnummeret ein sender til er: 938 497 524
EHF er ei forkorting for Elektronisk Handelsformat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.
Kva gjer du om verksemda di absolutt ikkje kan levere ein EHF?
Send faktura som pdf på e-post til faktura@gulen.kommune.no
Sender du faktura på denne måten skal den vere maskinskrive. Hugs å få med følgjande opplysningar:
Firmanamn, organisasjonsnummer, mottakarnamn (avdeling) og helst referansenr til bestillar, fakturadato, forfallsdato, fakturanummer, fakturabeløp, meirverdiavgiftspesifikasjon, bankkonto, og evt. KID- nummer.