Tilgjengelegheitserklæring
Kva gjeld denne erklæringa for?
- Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for nettsida til Gulen kommune.
- Erklæringa gjeld ikkje andre subdomene under gulen.kommune.no, til dømes kommunen si innsynsløysing og skjemaløysing.
Kven er ansvarleg for nettstaden?
Leiar for Innbyggarservice har systemansvar for gulen.kommune.no og skal i tillegg til å halde nettstaden oppdatert:
- sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
- sikre klart språk
- sikre god universell utforming
Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."
Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider.
Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Sem & Stenersen Prokom.
Trykk her for meir informasjon om vår tekniske leverandør på prokom.no.
Slik jobbar vi med nettsida vår
Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med nettsida vår.
For å kvalitetssikre nettsida bruker vi analyseverktøyet Monsido.
Vi jobber vidare med innhaldet på nettsida med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.
Vi skal mellom anna:
- oppretthalde og videreutvikle universelt utforma nettside
- bruke klart og tydelig språk
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- sikre universell utforming ved valg av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system
- rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav
Status for samsvar med krav
Gulen.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 8 av 47 krav i regelverket.
Vi jobber no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
- Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæringa for Gulen kommune
- Chatboten Kommune-Kari er testa mot punkta i tilgjengeleghetserklæringa og tilfredsstiller alle relevante krav.
Status for andre løysingar knytt til nettsida til kommunen
- Trykk her for tilgjengelegheitserklæring for Min kommune
- KS Min kommune er under utbetring, og det er venta at alle krav ville vere oppfyld iløpet av kort tid.
- Trykk her for tilgjengelegheitserklæring for eDialog
- Det vil bli lansert ein ny versjon av eDialog i nær framtid som vil oppfylle krava. Vi oppdaterer tilgjengelegheitserklæringane våre kontinuerleg.
- Trykk her for tilgjengelegheitserklæring for Bekymringsmelding til barnevernet
- Nettstaden https://bekymringsmelding.fiks.ks.no er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 3 av 47 krav i regeleverket.
Vi jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
- Nettstaden https://bekymringsmelding.fiks.ks.no er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Tilgjengelegheitserklæring for app
Vigilo barnehage
Ynskjer du meir informasjon om krav til universell utforming?
Trykk her for å sjå den komplette gjennomgangen av krava i UU-sjekken til Boost.ai
Gje oss tilbakemelding
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikke er godt nok universelt utforma?
Send ein e-post til postmottak@gulen.kommune.no, eller ta kontakt med ansvarleg for nettsida:
Leiar Innbyggarservice, Anne-Line Kvame
Telefon: 57 78 20 10