Deler av Gulen er utan mobildekning- feil retta
Oppdatering: Mobildekninga kom attende 3. januar kl 1715.
Publisert:
02.01.2024
Sist endra:
04.01.2024
Brot på ein sjøkabel gjer at deler av Gulen er utan mobildekning. Det er førebels ukjent når feilen vert retta.
Desse områda er berørte
- Redusert til inga dekning i områder rundt Sognefjorden mellom Kyrkjebø og Breidvika.
- Ferjeleiet mellom Lavik og Oppedal er utan dekning på begge sider.
Kva kan den enkelte gjere
- Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringe nødnummera via roaming hjå andre operatørar som har dekning.
- Dersom ein har trådlaust breidband har dei fleste moglegheit til å ringe med WIFI tale
- Bevege seg til eit område som har mobildekning