HeimNyheiterEigenberedskapsveka 2023

Eigenberedskapsveka 2023

Eigenberedskapsveka 2023 blir arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet.

Målet med Eigenberedskapsveka, som blir gjennomført 30. oktober – 5. november, er å gjere oss betre rusta til å stå imot kriser.

Hovudtema for Eigenberedskapsveka 2023 er; Øve.

Gjennom enkle og praktiske øvingar, som ein kan gjennomføre heime, skal befolkninga utfordrast på ulike øvingstema. Hensikten er at ein skal få betre forståing for kva ein kan gjere for å betre eigenberedskapen sin.

Klikk her for å få sjå ulike øvingar og teste eigenberedskapen din.

På kommunehuset og daglegvarebutikkane i kommunen finn du og brosjyren som vise dei ulike øvingane. Ta med deg brosjyren heim, og test om du er førebudd på ulike hendingar.

På www.sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn.

Foto: Simen Prestaasen/DSB


Sist oppdatert: 01.11.2023
Publisert: 01.11.2023