Ein grønare kvardag med Kristine Ullaland
Over berre nokre få generasjonar har vi fått vanar som både bidrar til meir søppel, men også meir uønska kjemikaliar i kvardagen vår.
Bli med når Kristine Ullaland, frå Grønare kvardagog Zero Waste Norge kjem for å inspirere oss til å prøve ein eller fleire idear som bidrar til ein grønare kvardag for deg.
Stad: Gulen Folkebibliotek Eivindvik (Gamle kommunehuset)
Tid: 7. november kl 18:00
Berekraft, biosfære og bibliotek er eit prosjekt av biblioteka i Nordhordland og Nordhordland biosfæreområde som saman rettar fokus på biblioteket si rolle som møteplass og formidlar innan berekraft, FN sine berekraftsmål og Nordhordland som UNESCO biosfæreområde.
Trykk her for å sjå plakaten til arrangementet i Gulen
Trykk her for plakat som viser arrangement i andre kommunar