HeimNyheiterEin grønare kvardag med Kristine Ullaland

Ein grønare kvardag med Kristine Ullaland

Over berre nokre få generasjonar har vi fått vanar som både bidrar til meir søppel, men også meir uønska kjemikaliar i kvardagen vår.

Bli med når Kristine Ullaland, frå Grønare kvardagog Zero Waste Norge kjem for å inspirere oss til å prøve ein eller fleire idear som bidrar til ein grønare kvardag for deg.

Stad: Gulen Folkebibliotek Eivindvik (Gamle kommunehuset)
Tid: 7. november kl 18:00

Berekraft, biosfære og bibliotek er eit prosjekt av biblioteka i Nordhordland og Nordhordland biosfæreområde som saman rettar fokus på biblioteket si rolle som møteplass og formidlar innan berekraft, FN sine berekraftsmål og Nordhordland som UNESCO biosfæreområde. 

Trykk her for å sjå plakaten til arrangementet i Gulen

Trykk her for plakat som viser arrangement i andre kommunar

Foto: Mads Maurstad


Sist oppdatert: 24.10.2023
Publisert: 24.10.2023