Gulen kommune tek frå 1. juni 2024 i bruk Stine Sofie Foreldrepakke
Stine Sofie Foreldrepakke gjev støtte og verktøy i foreldrerolla til å handtere det som er krevande og målet er å forebygge situasjonar som er utrygge og farlige for barnet.
Programmet er utvikla i samarbeid med helsepersonell, myndigheiter og foreldre, og tek opp tema som allereie er nedfelt i retningslinene for svangerskapsomsorga, barsel- og helsestasjonsprogrammet.
Stine Sofie Foreldrepakke vert difor brukt på tre ulike arena:
- I svangerskapsomsorga
- På barsel- og nyfødtintensiv
- På helsestasjonen
Stine Sofie Foreldrepakke er alt tatt i bruk på barselavdelinga på Haukeland sjukehus, og blir frå 01.06.2024 tatt i bruk av både jordmor og helsesjukepleiarar i vår kommune.
Les meir om Stine Sofie Foreldrepakke her.
Eller få gode råd gjennom følgande lenker til Stine Sofie Foreldrepakke:
Helsing
Gulen helsestasjon
Sist oppdatert:
01.06.2024
Publisert:
01.06.2024