HeimNyheiterHar du behov for heimerøysting ved kommunestyre- og fylkestingsvalet?

Har du behov for heimerøysting ved kommunestyre- og fylkestingsvalet?

Ved heimerøysting kjem to valmedarbeidarar frå kommunen heim til veljar, som ikkje har høve til å komme seg til eit røystelokale. Valmedarbeidarane har med eit "minirøystelokale", med røystesetlar, valurne og alt anna som trengs. Dei som røyster heime må hugse å ha legitimasjon tilgjengeleg.

Du kan søkje om å førehandsrøyste heime/på opphaldsstaden til og med onsdag 6. september ved å ta kontakt på telefon 57 78 20 00.


Sist oppdatert: 02.09.2023
Publisert: 02.09.2023