HeimNyheiterBygdemøter i prosjektet "Attraktive bygdesenter skapar møteplassar"

Bygdemøter i prosjektet "Attraktive bygdesenter skapar møteplassar"

I samband med dette inviterer kommunen alle innbyggjarar til bygdemøte i alle bygdene.

Brekke 21. mai kl. 18-20 Risneshallen/samfunnshuset
Dalsøyra 23. mai kl. 18-20 Dalsøyra samfunnshuset
Eivindvik 30. mai kl. 18-20 Ungdomshuset
Byrknes 12. juni kl. 18-20 Byrknes samfunnshuset

Viktig informasjon for bygdemøte:

Alle som ynskjer å presentere eit prosjekt eller ein idè på bygdemøte må melde det inn til frivilligkoordinator Johanne. Fristar for innsending: Brekke 15.mai, Dalsøyra 21.mai, Eivindvik 27.mai, Byrknes 10.juni. Du vil då få eit par minutt til å presentere din idè (kjem an på kor mange som har noko dei vil presentere). For å melde inn idè treng du berre å skrive kort om kva du ynskjer å presentere og kven som skal presentere. Det blir kanskje mogleg å kome med idèar på møtet, men det kjem an på kor mange prosjekt som er meldt inn på førehand. Det blir satt av tid til god diskusjon kring dei ulike prosjektidèane. Her kan alle kome med innspel, synspunkt og argument.

Du treng ikkje å ha planlagt ferdig heile prosjektet til bygdemøte, men det er ein fordel om du har med detaljar som gjer det lettare for folk å ta stilling til om ein ynskjer å satse på ditt prosjekt. Detaljar kan vere å finne lokasjon, snakke med grunneigarar, kostnadsanslag, tidsramme osv. Dette handlar om å avklare kor vidt det er realistisk å få til prosjektet. For at eit prosjekt skal gå vidare i prosessen må det minimum vere valt prosjekteigar/prosjektgruppe i løpet av møtet.  

Når det kjem til prosessen med å vele prosjekt, vil det vere fleirtalet som bestemmer. Vi må sjå an om det er mogleg å vele eit prosjekt på møtet. Det kan hende det må bli valt ut nokre prosjekt ein arbeidar vidare med og så gjennom ein ny runde med presentasjon og avstemming over kva prosjekt ein ynskjer å gjennomføre. Dette må vi sjå an på bygdemøte.  

Prosjektet har nokre førande rammer: 

Målet er å utvikle møteplass som er tilpassa ulike brukar- og aldersgrupper.

  • Område: Må ligge i sentrum av bygdesenter der folk naturleg ferdast,
    med nærleik (gangavstand) til butikk, omsorgssenter, skule,
    barnehage og nærmiljøanlegg.

  • Tidsramme: Fordel at prosjektet er ferdig i 2024, og helst kome så langt som mogleg. Minimum er at planen er klar og politisk godkjent i 2024.

  • Prosjekteigar: Prosjektet må eigast lokalt. Det er ein fordel om dette er eit lag/organisasjon då dei er under momskompensasjonsordninga. Prosjekteigar vil vere kontaktpersonen til kommunen og ha ansvar for drift og vedlikehald av prosjektet. Det kan vere ei eige samansett prosjektgruppe.

  • Økonomi: Kommunalt bidrag er på 250 000 kr. Det kan vere ein del av andre tilskot. Krev ikkje eigenandel.

 

Då er det opp til dykk å finne spennande og kreative prosjekt innafor rammene.

Møtet er opent for alle tilhøyrande den aktuelle skulekrinsen.
Kom sjølv om du ikkje har ein idè – alle har ei stemme.

Kontaktperson til prosjektet er

Johanne Halland Fridtun
Tlf. 57 78 20 58
E-post: johanne.halland.fridtun@gulen.kommune.no


Sist oppdatert: 15.05.2024
Publisert: 10.05.2024