Kva skjer i Gulen i desember?
Aktivitetskalenderen finn du nede i høgre hjørnet på framsida. Trykk på «Sjå heile kalenderen» for å opne kalenderen. www.gulen.kommune.no/aktivitetskalender/
For å opprette ein ny aktivitet i kalenderen, trykk på «Opprett arrangement». Du får no opp ei ny side der du kan logge deg inn med e-post eller SMS, og få tilsendt ein kode for verifisering. Når koden er lagt inn kjem du til ei side der du legge inn informasjon om arrangementet.
Fyll ut:
- Namn på arrangementet
- Ingress – Kort innleiing om arrangementet
- Beskrivelse av arrangementet
- Nettside: Her kan du legg inn lenke til ei nettside/facebook-side der det står informasjon om arrangementet
- Kategoriar: du kan velje om du vil hake av for type arrangement
- Stad: du må legge inn postnummer for arrangementet. Utan postnummer vert ikkje arrangementet publisert.
- Tidspunkt: Legg inn tidspunkt for arrangementet
- Legg gjerne inn kontaktperson
- Fyll evt inn andre felt dersom du ynskjer det
- Trykk publiser når du har fått lagt inn alle informasjonen
- Når du har publisert arrangementet kan du gå til kalenderen på nettsida og sjå at arrangementet kjem opp i kalenderen
Om du treng hjelp til å opprette arrangement eller gjere endringar i aktivitetskalenderen kan du sende ein e-post med informasjon om arrangementet til postmottak@gulen.kommune.no
Sist oppdatert:
05.12.2022
Publisert:
05.12.2022