HeimNyheiterOppgradering av mobilnettet til Telenor i Gulen

Oppgradering av mobilnettet til Telenor i Gulen

Tiltaket skjer ved at basestasjonane vert oppgraderte. I området basestasjonen dekkjer, vil det under oppgraderinga vera lågare kapasitet og i periodar ingen dekning, melder Telenor.
Dette gjeld dei områda som ikkje har overlappande dekning frå ein anna basestasjon.

Det er planlagt arbeid på ein basestasjon med oppstart 03.04.2024 kl 08:15 og forventa ferdig 12.04.2024 kl 16:45. Det er størst sannsynlegheit for forstyrringar i dagane rundt 08.04.2024.

Sjå kartutsnitt av områda som kan bli ramma av redusert kvalitet eller manglande dekning i samband med oppgradering av basen. 

Telenor melder at dei vil varsle kundar som har tenestene trådlaust breiband og abonnement på mobil, om dei forventar at dei mistar dekning på registrert adresse. 

For meir informasjon https://www.telenor.no/dekning/ 


Sist oppdatert: 03.04.2024
Publisert: 03.04.2024