HeimNyheiterSommaraktivitetsveka 26.-30. juni 2023

Sommaraktivitetsveka 26.-30. juni 2023

Dagane varte frå kl. 10:00 til kl.14:00, i tillegg til litt tid i buss eller taxi. Det var veldig kjekke barn å ha med på tur, leik og aktivitet.

Nokre tok bussen aleine for fyrste gong, andre fekk sin fyrste tur i kajakk og kano, medan andre fekk storfisk på kroken og prøve å styre båt. Nokre var til og med overraska over kor gøy det var å vere med. Det hjelpte også litt at me unngjekk regn alle dagane.
For alle vart det møte med barn på same alder frå andre skular, noko som førte til nye vennskap og kjennskap.

Aktivitetar måndag

På måndagen samla me 63 barn frå 1.- 6.klasse på Flolid.
1.- 3.klasse hadde leikar og ein tur til Verpetuppen kor dei leikte i fjæra og lagde akvariet.

4.- 6. klasse hadde ei økt med drama i grindbygget med Tone, formidlar på Gulatinget, og så leik på land og i vatn med SUP. Me hadde felles grilling til lunsj i strålande sommarvêr. Grillspyd ein kunne lage sjølv med oppskåren frukt (og ein karamell eller to) vart veldig populært.

Aktivitetar tysdag

Tysdag gjekk 4. - 6. klasse til gapahuken ved Breivikstølen. I dei to timane me var der så var det ikkje ein kajakk eller kano som stod tom. Det var så moro å sjå 14 barn på vatnet heile tida. Barna frå Brekke viste veg og hjelpte til me korleis det skulle sjå ut når me reiste.
Takk til Havgula 4H for at de har laga til ein så fin plass kor alle kan gå tur og låne kajakk, redningsvestar og kano.

1.- 3.klasse hadde oppmøte i Brekke kor dei byta på aktivitet ved skulen og å vere i fjæra.

Aktivitetar onsdag

Onsdag var 7.-10. klasse på omvisning på fiskemottaket på Byrknes før dei reiste bort i badevika. Der vart dei tatt i mot av Gulen jeger- og sportfiskarlag. Dei hadde med fiskeutstyr og grillmat til alle; for ein glede å ha nokon som melde seg frivillig til å gjere dette til ein fin dag for ungdommen. Det vart dårleg med fisk, så neste år må Gulen jeger- og sportfiskarlag velje lokasjon.

1.- 4. klasse fekk kome på besøk til Terje og Britt Nikøy på Mjømna. Der fekk dei bygge og pynte sin eigen båt, leike i fjæra, klatre i tre, ha leikar på fotballbana på campingen og fiske frå båt. For eit paradis Mjømna var for denne aldersgruppa! Ein stor takk til Terje og Britt, som var så spreke at dei tok i mot 40 born som fekk springe, leike og utfolde seg på uteområdet deira.

 Aktivitetar torsdag

På torsdag stod Dalsøyra for tur. Der hadde 4.- 6.klasse natursti i Trollskogen før fotballturnering på kunstgrasbana.
1.- 3.klasse hadde aktivitet på kunstgrasbana før dei klatra og leika i trollskogen.

Aktivitetar fredag

På fredag fekk også 7.-10. klasse ein dag på Dalsøyra. Dei vart delt inn i lag og hadde konkurransar på idrettsbana og paintball.

 

Takk til bidragsyterane

Takk for ei fin veke med deke frå 1.-10. klasse, og takk til Olga, Linnea og lærlingane; Emma, Tonje, Mariell og Frida, som planla, hadde kontroll, viste omsorg og tryggleik, og gav ungane ei veke full av opplevingar.

Ein spesiell takk vil Frivilligsentralen rette til Gulen jeger- og sportfiskarlag, Terje og Britt Nikøy og visnings- og kulturansvarleg ved Skjerjehamn. Deke var med på å gje barna i kommunen fine opplevingar og vise dei nye plassar.

Frivilligsentralen vil gjerne at du som trur du eller ditt lag kan bidra med noko til neste års aktivitetsveke tar kontakt. Me treng dykk for å finne gode plassar å ha aktivitet, og for å kunne utvide tilbodet.

Send ein e-post til postmottak@gulen.kommune.no

Bilde


Sist oppdatert: 31.07.2023
Publisert: 31.07.2023