HeimNyheiterTilbod om drop-in sesongvaksinering hausten 2024

Tilbod om drop-in sesongvaksinering hausten 2024

Det blir drop-in sesongvaksinering i Gulen kommune på følgande datoer:

Dalsøyra samfunnshus torsdag, 24.10. kl. 9.00-12.00
Dalsøyra sammfunshus tysdag, 29.10. kl. 9.00-12.00


Det vert tilbod om influensa og koronavaksine for deg over 75 år:

Brekke legekontor måndag, 28.10. kl. 10.00-12.00
Byrknes legekontor onsdag, 30.10. kl. 10.00-12.00

Vi oppmoder flest mogleg til å nytte seg av felles vaksinasjonsdager.

  • Dersom det ikkje passer å gå på fellesvaksinering kan du også få influensavaksine og pneumokokkvaksine på dei ulike legekontora frå veke 43.
  • Koronavaksine kan du få på drop-in på Gulen helsesenter måndagar i november frå kl 13:30-15:00.
  • Barn kan få sesongvaksinasjon på helsestasjonen etter avtale.

Prisar:

Koronavaksine gratis
Influensavaksine kr 200,-
Pneumokokkvaksine kr 400,-

Det er mogleg å betale kontant, med vipps eller med bankterminal.

Kven bør vaksinere seg mot influensa?

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Prematurt fødde barn, særleg fødd <veke 32, opp til 5års alder
  • Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar (sjå meir informasjon i vedlagt lenke)
  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte

Kven bør vaksinere seg mot Covid?

  • Alle frå fylte 65 år
  • Personer i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn 6 månader–11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer dette som viktig
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderes dersom den gravide har tilleggssjukdommer som gir ytterligare auka risiko.

Sjå på vedlagte lenker for god informasjon om vaksinene og kven dei er tilrådd for. Om du har helserelaterte spørsmål knytt til om du skal vaksinere deg, som du ikkje finn svar på i denne informasjonen, oppmodar vi deg til å ta kontakt med din fastlege for vurdering i forkant av vaksineringa.

Influensavaksine til risikogrupper - FHI
Koronavaksine - FHI
Influensa- og koronavaksine (kortversjon) - FHI
Influensa- og koronavaksine til gravide - FHI
Pneumokokkvaksine til risikogrupper - FHI


Sist oppdatert: 30.10.2024
Publisert: 04.10.2024