Tilbod om oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio
Anbefalingar frå Folkehelseinstituttet (FHI) mai 2024
- Vaksne som ikkje tidlegare er vaksinert med 3 doser vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (grunnvaksinasjon) bør sørgje for at dei får det.
- Alle personar som er grunnvaksinert mot tetanus, kikhoste og polio bør få ei oppfriskingsdose kvart 10. år.
- For denne gruppa er det vaksina Tetravac som gjeld. Pris kr. 350,- pr vaksine
- For denne gruppa er det vaksina Repevax som gjeld. Pris kr. 310,-
Spesielt alle som jobbar i helse og/eller med barn oppmodast til oppfriskningsdose, og generelt er oppfriskingsdose anbefalt kvart 10. år for alle vaksne. Oversikt over dine vaksiner finn du på «Mi side» på Helsenorge.
Alle gravide får tilbod om gratis vaksine (kombinasjonsvaksine) i veke 24 eller etter vurdering. Det gjev barnet god beskyttelse dei første levemånadane. Alle svangre får tilbodet uavhengig av tidlegare vaksinasjonsstatus.
Informasjonsskriv til gravide frå FHI
Hugs at alle som har fullgod vaksine-dekning, er med på å beskytte sårbare grupper, som nyfødde og småbarn, og bidrar til å unngå større utbrot av sjukdommen.
Kvar kan eg få vaksine?
Du kan bestille vaksinasjon på helsestasjonen eller legekontoret, samt utvalgte apotek. Du må sjølv betale for vaksina.
Meir informasjon
Her får du meir informasjon om kva vaksiner som er anbefalt for vaksne
Tekst:
Anita Pettersen, Kommuneoverlege
Hennie K. Lefdal, Leiande helsesjukepleiar