HeimNyheiterMidlar til å skape møtestadar eller tiltak for eldre i kommunen

Midlar til å skape møtestadar eller tiltak for eldre i kommunen

I samband med plan for «Leve heile livet – reforma» som blei vedtatt i 2021, har kommunestyret sett av 100 000,- til etablering av møtestader/aktivitetar for eldre i 2024. Dersom det er lag/organisasjon eller andre som har ynskje om å starte aktivitetar/tiltak for eldre, så kan de sende inn søknad om midlar for aktiviteten. Midlane går fortrinnsvis til ny aktivitet og utstyr knytt til dette. 

Korleis søkje om midlar?

Søknad skal sendast til Gulen kommune og må vere oss i hende innan 22.05.2024.
De treng ikkje å nytte noko spesielt søknadsskjema, men vi ber om at de skildrar kva aktivitet de ynskjer å gjennomføre, beløp de søkjer om og kva midlane er tenkt nytta til.

Send søknaden til kommunen

  • Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
  • eller via e-post:postmottak@gulen.kommune.no
  • eller til postadresseGulen kommune
                                     Eivindvikvegen 1119
                                     5966 Eivindvik

Har du spørsmål?

Spørsmål kan rettast til frivilligkoordinator Johanne Halland Fridtun
E-post: johanne.halland.fridtun@gulen.kommune.no
Telefon 57 78 20 58/ 40 44 60 22


Sist oppdatert: 15.04.2024
Publisert: 15.04.2024