Tysdag 5. november får vi nye nettsider
I tillegg til nytt design vil du sjå mellom anna desse forbetringane:
Framsida er heilt endra. Den nye løysinga vår skal gjere det enklare for deg som bruker nettsida. I staden for å leite i menyar legg vi opp til at du seier til Kommune-Kari kva du er på jakt etter. Du skal då få svar på det meste.
Om du likevel vil bruke menyar, finn du desse oppe i høgre hjørne.
Tilgang til eigne data
På toppen av sida finn du Min kommune. Her får du oversikt over post og faktura frå kommunen, og du har moglegheit til å be å betalingsutsetting på faktura. I tillegg finn du informasjon knytt til eigedommane dine.
Du vil òg sjå at du ikkje lenger finn e-postadresser på nettsida vår. Du finn i staden eit kontaktskjema. Du bruker dette på same måte som du ville gjort om du ville sende e-post. Denne løysninga gir oss både auka tryggleik og ei betre oppfølging av deg som kontaktar oss.
Fellesskap gir styrke
Når vi har utvikla dei nye nettsidene våre, har vi gjort det saman med dei 11 samarbeidskommunane våre i IKT-samarbeidet IKTNH. Mange av tenestene i kommunane er like, og eitt av prinsippa vi jobbar etter er «alt som er likt, skal vere likt». Kvifor gjere ting 12 gonger, når vi kan gjere det ein gong?
Ved å utvikle felles løysingar og gjere arbeid i fellesskap utnyttar vi ressursane våre på ein betre måte enn om vi skulle gjere alt arbeidet kvar for oss.
Fleire digitale tenester
Framover vil vi utvikle fleire digitale tenester, slik at du som innbyggar kan ordne det du treng når det passar deg. Då er du meir uavhengig av opningstidene våre.
Gi oss gjerne ei tilbakemelding
Vi håpar du vil trivast med dei nye nettsidene våre, og meld gjerne tilbake til oss. Vi tek imot både ris og ros.
Vi har fått på plass ein tilbakemeldingsfunksjon på kvar enkelt side som du kan bruke om det passar. Den heiter «Fant du».