HeimNyheiterVarsel om fare for regn, flaum og skred frå natt til torsdag 31.10

Varsel om fare for regn, flaum og skred frå natt til torsdag 31.10

NVE har sendt ut varsel om fare for regn, flaum og jord- og flaumskred på oransje nivå for store deler av Vestland. Varselet gjeld frå natt til torsdag 31. oktober til fredag 1. november.
Publisert: 30.10.2024
Sist endra: 31.10.2024

For Gulen sin del ligg vi på gult nivå for regn, jord og flaumskred, og oransje nivå på flaumfare. I tillegg er det meldt vind langs kysten.

Råd til innbyggarane

  • Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert  på vêrsituasjonen på www.yr.no  og www.varsom.no
  • Som følge av stor mengder nedbør kan det bli stor vassføring i elver og bekker. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekker/elver kan ta nye løp.
  • Folk vert oppmoda om å følge med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå tidlegare erfaring har sett er utsett ved den type vêr som er varsla. Gjer eventuelle førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet. Det kan t.d. vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.
  • Skal du ut å ferdast, hald deg oppdatert på vegmeldingar på www.vegvesen.no
  • Sikre lause gjenstandar

Kontaktinformasjon