HeimNyheiterVil du bli den nye helserekrutten vår?

Vil du bli den nye helserekrutten vår?

Eit nytt kull skal no starta opp i Vestland. Gulen kommune ynskjer å gje inntil 2 kandidatar dette unike tilbodet. Me søkjer etter menn som er mann nok til å vise omsorg, og til ta ei utfordring.

 

Det vert informasjonsmøte på Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien 40, Bergen, 24. januar kl.1200.
Meld deg på informasjonsmøte her. Påmeldingsfrist 23. januar.

Før påmelding bør du snakka med rettleiaren din i NAV. Nav-kontoret ditt kan også hjelpa til med påmelding. På informasjonsmøtet vil du bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene.

I etterkant av møtet vil det verte gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar verte tilbydd ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. Ynskjer du meir informasjon om Menn i helse? Sjekk nettsida vår mennihelse.no

Er du vår neste mann? Grip sjansen!

Kjenne du nokon som fortener ein slik sjanse? Tips dei om Menn i helse!
https://youtu.be/hUlsvHlaBhM

OBS! Det er no opna for at også kvinner kan søkje på denne utdanninga.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om Menn i helse?

Kontakt fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl
Telefon: 977 48 055
E-post: kjetil@mennihelse.no

Du kan også kontakte kommunalsjef helse- og omsorg i Gulen kommune,
Mona Solbjørg Molland, på tlf. 48 19 09 92 om du vil vita meir.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 13.01.2023