HeimNyheiterVil du bli meddommar?

Vil du bli meddommar?

Kommunestyret vel nye meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten for perioden 2025-2028 i møte 13. juni 2024.

Kven kan bli meddommar?

Lovverket stiller krav til kven som kan bli vald som meddommar.

Du må mellom anna

  • vera over 21 år og under 70 år når du vert vald  
  • snakke og forstå norsk
  • vera folkeregistrert i Gulen kommune
  • vera norsk eller nordisk statsborger, eller ha vore
  • folkeregistrert som busett i Norge dei siste tre åra
  • vera egna til oppgåva

I tillegg må du kunne bruke digitale hjelpemiddel, i og med at domstolane i hovudsak arbeidar digitalt.

Meir informasjon om oppgåvene til meddommarane.

Video om kva det det vil seie å vere meddommar.

Ynskjer du å vere kandidat til meddommarverv?

Meld di interesse innan 7.april 2024. (utvida frist)
Trykk på denne lenkja for å melde di interesse og fyll ut skjema

Har du forslag til kandidatar?

Dersom du har forslag på personar som kan bli valde, send e-post til kommunen innan 7. april 2024: postmottak@gulen.kommune.no 

 

Praktiske opplysningar

Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla ein til tre gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og du har rett til fri frå jobb for å utføre vervet. Du får tapt arbeidsforteneste frå domstolen.

Vervet som meddommar i tingretten eller lagmannsretten betyr at du er ein av fleire meddommarar som skal dømme saman med juridiske fagdommarar.

Det vil bli føretatt vandelskontroll av dei som melder si interesse.

Kva rolle har kommunen?

Det er kommunestyret som vel meddommarar for fire år av gangen. Det skal no veljast meddommarar til Gulating lagmannsrett (Bergen), Sogn og Fjordane tingrett (Førde) og Sogn og Fjordane jordskifterett (Førde) for perioden 2025-2028.

I tillegg skal kommunestyret kome med forslag til skjønnsmedlem i perioden 2025-2028 som fylkeskommunen vel.

Kommunestyret skal velje eit utval (meddommarutval) på like mange kvinner og menn, og samansetjinga skal best mogleg representere alle deler av befolkninga i kommunen.

Valnemnda vil i april 2024 lage forslag til kven som kan veljast til meddommarar. Lista med forslag til medommarar vert lagt ut på høyring på nettsida til kommunen i mai ( i 14 dagar). Kommunestyret gjer det formelle valet i møtet 13.juni.

Kontakt

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med politisk sekretær Margunn Tolleshaug 
e-post: margunn.tolleshaug@gulen.kommune.no
tlf.: 971 36 237


Sist oppdatert: 05.04.2024
Publisert: 11.03.2024