Søkje plass
Slik søkjer du
Trykk her for å søkje barnehageplass
Trykk her å sjå vedtekter for kommunale barnehagar
Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars.
Elles kan de søke heile året, og vi tek opp barn etter kvart dersom det er ledige plassar. Barnet beheld plassen fram til og med 15. august det året barnet vert skulepliktig.
Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.
Kva kostar det?
Full plass
Frå 1. januar 2024 kostar ein full barnehageplass 1 815 kroner per månad.
Redusert plass
- 80 prosent plass = 1 452 kroner i månaden
- 60 prosent plass = 1 089 kroner i månaden
- 40 prosent plass = 726 kroner i månaden
Redusert betaling og søskenmoderasjon
Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen eller har låg inntekt.
Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.
Søskenmoderasjon:
- Du får 30 prosent prisreduksjon på barn nummer to.
- Du får 100 prosent prisreduksjon på barn nummer tre og fleire.
Matpengar og ekstra dag:
- Kjøp av tilfeldige dagar: kr 326 per dag
- For sein henting: kr 183 pr 15 minutt
- Matpengar heil plass: kr 300 per månad
- Matpengar deltidsplass: kr 45 i reduksjon per fridag i veka ift. matpengar heil plass.
Makspris:
Foreldre skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass. Makspris frå 01.01.2024 er fastsett til kroner
1 500 per månad. I tillegg til maksprisen krev barnehagane tillegg for kost (matpengar).
Har du rett på plass?
Kven har rett på barnehageplass?
For å ha rett til barnehageplass må du:
- bu i kommunen
- søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. april
Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.
Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.
Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.
Har barnet ditt rett til prioritet?
Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:
- barn med nedsett funksjonsevne
- barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd
Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.
Flytte, bytte eller seie opp plass?
Flytte eller bytte plass?
Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.
Trykk her for å gå til barnehagelova.
Reglar for oppseiing
- Opptak gjeld generelt fram til skulestart, om ikkje anna er nemnt i vedtaket. Oppseiing av plass – eller av delar av plass – skal gjerast skriftleg med minst 2 månadar varsel. Oppseiing vil vere gyldig frå og med den 1. eller den 15. i kvar månad.
- Kommunen kan seie opp plassen ved manglande foreldrebetaling. Slik oppseiing skal også varslast minst 2 månadar før den vert gjort gjeldande.