Fysioterapi

Fysioterapeutar jobbar med kropp og bevegelse for å fremje god helse. Du kan både få fysioterapi for å behandle ein sjukdom eller skade og som førebyggande/helsefremjande tiltak. Målet er at du skal utvikla, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevne, utnytta eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse. 

Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del (avtalefysioterapeut). Hovudregelen er at du oppsøker avtalefysioterapeut dersom du sjølv klarar det. Om du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan kommunal fysioterapi vere aktuelt.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva kostar det?

Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje å betale eigendel hos fysioterapeut.

Alle andre betalar eigendel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigendel fram til du når frikort for eigendelstak.

Trykk her for å lese meir om betaling for fysioterapi på sidene til Helfo.

Trykk her for å gå til Norsk Fysioterapeutforbund sin prisoversikt for ulike typar behandlingar

Kva får du?
  • undersøking og vurdering
  • behandling og oppfølging
  • råd og rettleiing
  • bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen. Trykk her for å lese meir om hjelpemiddel.
  • Fysioterapi for vaksne:
    Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, som del av eit institusjonsopphald, eller i fysio- og ergoterapitenesta sin kommunale behandlingsstad i Eivindvik.
  • Fysioterapi for barn og unge:
    Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eigen heim eller i fysio- og ergoterapitenesta sin kommunale behandlingsstad i Eivindvik. 
Krav til søkjar

Tenesta er for alle med behov for fysioterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.

Kontakt oss
Besøksadresse
  • Gulen sjukeheim
    Eivindvikvegen 1149
    5966 Eivindvik

Sist oppdatert: 25.01.2023
Publisert: 05.07.2018