Middagslevering
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:
- Gulen kommune
Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Kva kostar det?
- Full pensjon (alle måltid) koster kr 170,- per dag.
- Ein middag koster kr 135,-
- Kledevask koster kr 82,- per kilogramm tørt tøy
Kva får du?
- Du vel sjølv kor mange og kva dagar du vil ha middagslevering.
- Du kan få spesialkost ved dokumentert behov.
- Du kan få hjelp til å varme middagen om du er ute av stand til det sjølv.
- Du får ernæringsrik og variert kost.
- Du får middag og dessert.
Endringar
Du treng ikkje lenger søkje om endringar.
Dersom du har vedtak om middag, skal du melde følgjande ønske om endringar direkte til heimetenesta:
- endring i tal dagar med middagslevering per veke
- endring i kost (normal-/og spesialkost)
Krav til søkjar
- Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, alder eller funksjonstap.
- Du må bu i Gulen kommune.
- Du må vere tilstades ved levering, eller syte for at nokon tek i mot maten.
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss
Har du spørsmål ta kontakt med avdelingssjukepleiar ved tilhøyrande bu- og omsorgssenter:
Bu- og omsorgssenter | Avdelingssjukepleiar | Telefonnummer |
Eivindvik bu- og omsorgssenter | Joy Palmer | 57 78 16 20 |
Brekke bu- og omsorgssenter | Line Haugland | 57 78 16 30 |
Byrknes bu- og omsorgssenter | Irmelin Gripsgård | 57 78 16 40 |
Dalsøyra bu- og omsorgssenter | Irmelin Gripsgård | 57 78 16 50 |
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Sist oppdatert:
10.02.2023
Publisert:
28.06.2018