Svangerskapsomsorg

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg. Tilbodet er gratis, og skal sørgje for at du får råd og rettleiing slik at du og barnet har det best mogleg.

Kontakt lege eller jordmor for å avtale første svangerskapskonsultasjon så tidleg som mogleg. 

Kontaktinformasjon

Gulen kommune samarbeidar med Masfjorden kommune om jordmortenester. 
Ta kontakt med Hosteland legekontor telefon 56 16 63 00.
Opningstid måndag - fredag 09.00-15.00.

Sylvia Helland Alver, jordmor
E-post: sylvia.helland.alver@masfjorden.kommune.no

Rettleiande program for svangerskapsomsorga
Rettleiande program for svangerskapsomsorga
Veke Jordmor/lege Kva?
6-12 Jordmor Livsstilssamtale, helsekort
9 (8-12) Lege Helsekort, rekvisisjon blodprøvar og ultralyd
17-19 Kvinneklinikken Ultralyd på Kvinneklinikken
23 Jordmor Amming
28 Lege  
32 Jordmor  
36 Jordmor Fødselssamtale
38 Lege  
40 Jordmor  
41 Kvinneklinikken Vurdering på Kvinneklinikken i veke 41 avtalast hjå jordmor i veke 40.
Ammerettleiing

Jordmødrene gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil alle helsesjukepleiarane og jordmødrene kunne tilby ammerettleiing. Vi føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming.

 

Teieplikt og tverrfagleg samarbeid

Jordmødre og helsesjukepleiarar har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan vi likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Vi gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.

Nyttige lenkjer og brosjyrar

Sist oppdatert: 06.09.2023
Publisert: 28.06.2018