Klage på helse- og omsorgstenester
Kva kan du klage på?
- at du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
- forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
- kritikkverdige forhold
- saksbehandlinga
Klage på eit vedtak?
Du kan klage på vedtaket vårt, om du ikkje får helse- og omsorgstenester som du sjølv meiner du har krav på. Du kan klage innan tre veker etter at du fekk det endelege vedtaket på søknaden din.
Fordi klagen kan innehalde opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende dokumenta på e-post. Lever klagen på kommunehuset eller send den til:
- Gulen kommune
Ved Tiltaksnemnda for helse- og omsorgstenester
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Når vi får klagen, må vi gå gjennom vedtaket på nytt og vurdere ei endring. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen din vidare til Statsforvalteren i Vestland.
Trykk her for å lese meir om klage på helse- og omsorgstenester
Klage på ei teneste du mottar?
Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på ein sjukeheim, bør du først og framst ta kontakt med leiinga ved sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at vi skal endre.
Dei som mottar klagen din, må undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv sende ein skriftleg klage til Statsforvaltaren i Vestland.
Trykk her for kontaktinformasjon til Statsforvaltaren i Vestland
Får du medhald, kan Statsforvaltaren starte ein tilsynssak. Då må kommunen utbetre eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Statsforvaltaren kan du klage til klage til Sivilombudsmannen.
Trykk her for å gå til sida til Sivilombudsmannen.
Treng du hjelp?
Treng du hjelp til å klage? Ta kontakt med
Sone/Avdeling | Kontaktperson | Telefonnummer |
Einingsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim | Nina Haveland | 57 78 16 02 |
Avdelingssjukepleiar langtidsavdeling | Sissel Kvame | 57 78 16 03 |
Avdelingssjukepleiar dementavdeling (i permisjon til 24.05.2024) | Brita Eidnes | 57 78 16 05 |
Avdelingssjukepleiar Eivindvik bu- og omsorgssenter | Joy Palmer | 57 78 16 20 |
Konstituert Einingsleiar sone Brekke, Byrknes Dalsøyra | Aina Furebotn | 57 78 16 54 |
Avdelingssjukepleiar Brekke bu- og omsorgssenter | Line Haugland | 57 78 16 30 |
Avdelingssjukepleiar Byrknes bu- og omsorgssenter | Irmelin Gripsgård | 57 78 16 40 |
Avdelingssjukepleiar Dalsøyra bu- og omsorgssenter | Irmelin Gripsgård | 57 78 16 50 |
Einingsleiar PU-tenesta | Carolyn Renate Holvik Westervik | 57 78 16 61 |
Les meir