Kjenner du nokon som gjer noko av fylgjande?

  • Gløymer nylege hendingar
  • Gjentek historier
  • Forvirring i forhold til tid og stad
  • Problem med å kjenne att folk
  • Gløymer innlærte ferdigheiter
  • Har fått forsterka personlegdomstrekk
  • Svekka dømmekraft
  • Problem med å klare seg sjølv i kvardagen
Kvifor er demensutredning viktig?
  • Utelukka andre sjukdommar som har demensliknande symptom
  • Vurdering av medisinar
  • Legge til rette heimesituasjonen for personar med demens og pårørande
  • Sette i gang tiltak til rett tid
Hukommelsesteamet kan tilby
  • Samtale med pasient og pårørande i ein kartlegging - og utredningssamtale
  • Kartlegging av behov for hjelp
  • Hjelpemidlar som støttar hukommelse, og bidreg til auka tryggleik
  • Oppfølging av pasient og pårørande
  • Initiativ til å starte individuell plan
  • Rettleiing til pårørande og helsepersonell
  • Formidle kontakt til aktuelle samarbeidspartar i Gulen kommune.
  • Ein del tilbod må søkast på, og vurderast av Tiltaksnemnda.
Gulen kommune kan tilby
  • Tiltakspakke Demens:
    Ein person frå heimesjukepleia, med fagkunnskap om Demens kjem på heimebesøk 1 gang i månaden, snakkar med personen og observerer korleis vedkommande har det. (Gratis).
  • Dag - og aktivitetstilbod ved bu - og omsorgssentra og Gulen sjukeheim. Meir informasjon om dag- og aktivitetstilbodet finn du her.
  • Sjukepleiefagleg oppfølging ved Hukommelsesteam:
    Person og pårørande får jamnleg oppfølging av ein frå Hukommelsesteamet ved behov. (Må søke om og er gratis).
  • Praktisk bistand:
    Personen får hjelp frå heimesjukepleia til praktiske ting i heimen. (Tidlegare kalla heimehjelp) (Må søke om og betale for).
  • Støttekontakt:
    Ein støttekontakt kjem heim til ein person og utfører ulike aktivitetar saman med vedkommande. Person og støttekontakt vert einige om aktivitet og tidspunkt. (Må søke om og er gratis).
  • Omsorgsløn:
    Ein pårørande med mykje belastande omsorg i heimen kan få assistentløn. (Må søke om).
  • Heimesjukepleie:
    Heimesjukepleia kjem heim til ein person som treng hjelp til stell, medisin, mat, sårstell, injeksjonar eller anna. (Må søke om og er gratis). Eige kartleggingsteam kjem heim til personen i forkant og avtalar tiltak ein kan søke om.
  • GPS:
    Eit «sporingssystem» kan brukast til hjelp for ein person som ikkje finn vegen heim. Personen får på seg ein sendar, slik at vedkommande kan gå fritt der han/ho vil. Dersom personen ikkje kjem att til avtalt tid kan personale eller pårørande lett finne ut kvar vedkommande er og gje hjelp om naudsynt. (Må søke om og er førebels gratis).
  • Avlastningsplass:
    Dersom pårørande treng avlasting grunna belastande omsorgsutøving kan personen få korttidsplass på eit omsorgssenter eller sjukeheimen. (Må søke om og er gratis).
  • Korttidsplass:
    Dersom ein person treng rehabilitering, observasjon, behandling eller liknande for ein kortare periode, kan vedkommande få eit korttidsopphold på eit omsorgssenter eller sjukeheim. (Må søke om og betale for).
  • Omsorgsbustad:Dersom ein person ikkje kan bu heime eller åleine lenger kan vedkommande få leige ein omsorgsbustad i Brekke, Byrknes, Dalsøyra eller Eivindvik. (Må søke om og betale for).
  • Langtidsplass på Gulen Sjukeheim:Dersom ein person treng så mykje pleie og omsorg at vedkommande ikkje kan bu heime lenger kan han/ho få plass (einerom) på Gulen Sjukeheim som ligg i Eivindvik. (Må søke om og betale for).
Kven kan ta kontakt med oss?
  • Enkeltpersonar, pårørande og venner kan ta uforplikta kontakt
  • Helsepersonell i kommunen
  • Fastlegar
Ta kontakt

Viss du ynskjer å komme i kontakt med Hukommelsesteamet i Gulen kommune kan du ringe frå måndag til fredag mellom klokka 12.00 og 16.00.
Hukommelsesteamet består av

  • Sjukepleiar Synnøve B. Giil, mobil 911 04 188
  • Sjukepleiar Brita Eidnes, mobil 901 49 284
  • og fastlegen til den aktuelle personen
Søknadsskjema

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Nyttig informasjon om demens