HeimHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevernHelseverngodkjenning av barnehagar og skular

Helseverngodkjenning av barnehagar og skular

Forskrifta skal nyttast ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  1. Barnehagar og andre verksemder som mot godtgjersle gjev tilsyn med og omsorg for born under skulepliktig alder når:
    • Verksemda er regelmessig.
    • Tilbyr opphaldstid på meir enn ti timar i veka.
    • Tal born som er tilstade samtidig, er tre eller fleire.
  2. Grunnskular
  3. Vidaregåande skular

«Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler» skal bidra til at barnas «arbeidsmiljø» vert teken i vare. I Nordhordland og Gulen er det Miljøretta helsevern som godkjenner barnehagar og skular etter forskrifta.

Alle barnehagar og skular skal ha godkjenning etter forskrifta. Barnehagar og skular må søkje om planuttalelse når dei planlegg å starte opp ny barnehage/skule, når barnehagen/skulen skal utvidast, eller når drifta skal endrast. Når barnehagen/skulen nærmar seg ferdig må verksemda søkje om godkjenning. Tilsyn vil bli utført før barnehagen/skulen opnar.

For å bli godkjent må barnehagen/skulen dokumentere korleis forskrifta sine krav blir teken i vare.

Kven skal søkje?

Eigar og leiar/styrar/rektor må avklare kven som har ansvar for å søkje. Vi tilrår at nokon som kjenner barnehagen/skulen godt fyller ut skjema. Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med oss.

Allereie i drift, men ikkje gyldig godkjenning?

Dersom barnehagen/skulen er i drift, men ikkje har gyldig godkjenning, treng de ikkje fylle ut søknad om planuttalelse. Da kan de gå rett til skjema "søknad om godkjenning". Ikkje gyldig godkjenning kan for eksempel vere at barnehagen/skulen aldri har blitt godkjent, eller har gjort endringar utan å søkje til Miljøretta helsevern i forkant.

Søknad om planuttalelse

Når det er planar om ny barnehage/skule, midlertidige erstatningslokale eller ein fysisk endring av eksisterande barnehage/skule (eksempel utviding, ombygging eller omfattande rehabilitering) skal skjema "søknad om planuttalelse" fylles ut.

Søknad om godkjenning

Skjema "søknad om godkjenning" skal sendast når barnehagen/skulen nærmar seg ferdig. Når vi mottar skjemaet kan vi avtale tidspunkt for synfaring.

Ved synfaring ser vi på barnehagens/skulen inne- og utemiljø, og snakkar med styrar/rektor om barnehagens/skulens internkontrollsystem som skal sikre at barnas arbeidsmiljø vert teken i vare. Dersom det er ein heilt ny barnehage/skule skal vi ha synfaring før barnehagen/skulen opnar, men tilsynet med internkontrollsystemet kan gjerast seinare.

Barnehagen/skulen vil etter synfaring få godkjenning, eventuelt avslag på godkjenning, etter forskrifta.

Barnehagar/skular i fleire bygg

Ei helseverngodkjenning gjeld for heile barnehagen/skulen. Eksempelvis vil ein barnehage/skule som vert driven av éin styrar/rektor i tre bygg godkjennast som éin barnehage/skule. Alle lokalitetar må tilfredsstille forskrifta sine krav for at verksemda skal bli godkjent.

Angåande barnehagar: Dersom barnehagens avdelingar ligg på heilt forskjellige stader, og føresette kan velje kva avdeling dei vil søkje på når dei søkjer om barnehageplass, godkjennast barnehagens avdelingar kvar for seg.

Er delar av barnehagen/skulen ny?

Ved godkjenning skal heile barnehagen/skulen tilfredsstille forskrifta sine krav. Dersom ein barnehage/skule utvidar med eit nytt bygg, mens dei eksisterande bygga ikkje endrast, vil vi gå gjennom heile barnehagen/skulen før godkjenning. Heile barnehagen/skulen må tilfredsstille forskrifta sine krav for å kunne bli godkjent.

Oppveksttun

Vi godkjenner skuledelen og barnehagedelen kvar for seg. Søknadane kan leverast samla eller kvar for seg.

Familiebarnehage

Familiebarnehagar som mottar offentleg støtte skal søkje på same måte som andre barnehagar.

Barnepass som ikkje mottek offentleg støtte

Barnepasstilbod som er regelmessig, meir enn ti timar for veka og har tre eller fleire barn til stade samstundes må søkje om godkjenning etter forskrifta. Dette kan vere for eksempel dagmamma eller barnepark. 

Søknadsskjema

Sjå også rettleiaren frå Helsedirektoratet: Miljø og helse i barnehagen/skulen

Kontakt

Hovudsida Miljøretta helsevern

Trykk her for å kome til hovudsida til Miljøretta helsevern


Sist oppdatert: 18.01.2023
Publisert: 22.11.2019