Nav Fensfjorden
Kontakt
Telefon til NAV: 55 55 33 33
Opningstider ved NAV Fensfjorden: Trykk på denne lenka for meir informasjon
Du kan gjere avtale med oss utanom desse opningstidene, ring oss på 55 55 33 33 eller skriv til oss via Ditt NAV på www.nav.no.
Adresse
Postadresse:
NAV Fensfjorden
Fensfjordvegen 615
5986 Hosteland
Besøksadresse:
NAV Fensfjorden
Fensfjordbygg – Fensfjordvegen 615, 3. etasje
5986 Hosteland
Økonomisk sosialhjelp
Kjem du opp i ein situasjon der du treng økonomisk hjelp, kan du ha rett på ytingar frå det offentlege.
På nav.no finn du informasjon om økonomisk sosialhjelp.
Søkje økonomisk sosialhjep digitalt
Du må logge deg inn på "Ditt NAV" med BankID, eller andre løysingar som Buypass eller Comfides for å søkje digitalt.
Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønsker å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp kan du framleis bruke papirsøknad:
Dokumentasjon på familien sine inntekter og utgifter må leggjast ved søknaden. Dette kan ein ta utskrift av via ei publikumsdatamaskin som står ved ekspedisjonen. For rettleiing ta kontakt med NAV Fensfjorden.
Søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp i pdf. format
Søknadskjema for sosialstønad, med vedlegg, kan leverast til Innbyggarservice på kommunehuset eller sendast til Nav Fensfjorden.
Det kan også leverast til resepsjonen eller NAV-kontoret i ein av dei andre kommunane i NAV Fensfjorden, som er Fedje, Modalen, Masfjorden og Austrheim.
Gjeldsrådgjeving
NAV Fensfjorden tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.
Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no .
Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytta til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.
Meir informasjon om gjeldsrådgjeving
Mellombels bustad
NAV skal hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod viss du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg neste døgn. Vi rår deg til å ta kontakt med NAV Fensfjorden dersom dette gjeld deg.
Meir informasjon kan du lese her
Kvalifiseringsprogrammet
Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.
For å ha rett til kvalifiseringsprogram, må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.
Du må
- vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
- ha behov for tett oppfylging
- ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
- ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering
- ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg
Du kan søke om deltaking i kvalifiseringsprogram ved hjelp av dette skjema: Søknadsskjema kvalifiseringsprogrammet
For meir informasjon kan du lese her , eller ta kontakt med NAV Fensfjorden på telefon 55 55 33 33.
Andre ytingar frå NAV
Andre søknadsskjema, og informasjon elles om våre ordningar, finn du på nav.no. Spørsmål om dine utbetalingar og di sak kan du finna via Ditt NAV, som også er på nav.no.
Spørsmål om utbetalingar, barnetrygd, kontantstøtte, grunn- og hjelpestønad og foreldrepengar kan berre avklarast gjennom kontakttelefonen 55 55 33 33 eller nav.no.
Spørsmål om pensjon har eigen kontakttelefon 55 55 33 34. Sjå også nettsida: Din Pensjon.