Bustad
Omsorgsbustad
Personar med nedsett funksjonsevne som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige omsorgsbustad.
Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester eller tenester frå Psykisk helse skjer etter eigen søknad og individuell vurdering.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:
- Gulen kommune
Ved Tiltaksnemnda for helse- og omsorgstenester
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Kva får du?
- du får ein tilpassa bustad
- du kan søkje om bustøtte frå Husbanken
Krav til søkjar
- du er 18 år eller eldre
- du må ha legeuttale
- du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
- du må betale husleige
Kontakt oss
Ta kontakt med einingsleiar i den sona du ynskjer omsorgsbustad:
- Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Einingsleiar Nina Haveland
Telefon: 57 78 16 02 - Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra
Einingsleiar Aina Furebotn
Telefon: 57 78 16 54 - Eining helse
Einingsleiar Elizabeth Høydal
Telefon: 57 78 20 65
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Kommunal bustad
Som kommune har vi eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu. Vi kan medverke til å skaffe deg ein stad å bu, om du ikkje klarar dette på eiga hand.
Kva kostar det?
Leigekontrakt etter avtale.
Kva får du?
Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.
Krav til søkjar
Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.
Du som søker må:
- Vere fylt 18 år.
- Vere utan bustad.
- Vere registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
- Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
- På grunn av sjukdom eller sosiale årsakar ha trong for endring av noverande bustadforhold.
- Ha låg inntekt.
- Ikkje skulde husleige til kommunen.
- Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.
Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.
Kontakt oss
Kontaktsenteret er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.
- Ring oss på telefon 57 78 20 00
- Send ein e-post til: postmottak@gulen.kommune.no
- Digital post: eDialog, sikker innsending trykk her
Klage på vedtak
Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.
Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.