Bibliotek
Finn ditt bibliotek
Gulen Folkebiblioteket har fire filialar:
- Hovudbibliotek i Eivindvik ligg i Herresalen - det gamle kommunehuset. Biblioteksjef: Sigrid Solberg
Telefon: 57 78 42 00 og 40 44 60 59 - Filial Brekke ligg på Brekke skule. Filialstyrar: Isabelle Haugsvær Skahjem
- Filial Byrknes ligg på Byrknes skule. Filialstyrar: Klara Emmerfors
- Filial Dalsøyra ligg på Dalsøyra skule.
Opningstider
Stad | Opningstid |
Eivindvik | Måndag kl 11.00-15.00, Torsdag kl 14.00-19.00 |
Brekke | Torsdag kl 17:00-20:00 |
Byrknes | Tysdag kl 15.30-18.30, Onsdag kl 17:00-19:00 |
Dalsøyra | er midlertidig stengt |
Oppdaterte opningstider for biblioteket finn du også på biblioteket si side på facebook: Trykk her for å sjå Gulen Folkebibliotek si side
Kva skjer på biblioteket?
Biblioteket har til dømes arrangement som foredrag, forfattarmøte og samtalar. Føl med på nettsidene til kommunen og biblioteket for å få ei oppdatert liste over arrangement.
Kva kan du gjere hos oss?
Låne bøker, tidsskrift, lydbøker og filmar, sjølvsagt!
Du kan i tillegg:
- Låne datamaskin
- Skrive ut og kopiere dokument. (Utskrift og kopiering kostar pengar, ta kontakt med biblioteket for oppdaterte prisar).
- Kople deg til gratis wi-fi
- Lese på biblioteket. Biblioteket abonnerar på fleire tidsskrift.
- Låne Herresalen som møterom (lag og organisasjonar)
På heimesida til biblioteket kan du logge deg inn med lånekortnummer og pin-kode. Her finn du også oversikt over låna dine. Du kan også fornye og reservere bøker og oppdatere personlege opplysningar.
Bli ein lånar
Slik blir du lånar
- Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
- Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket og be om hjelp til å bli registrert.
- Du kan velje om du vil bruke det nasjonale lånekortet kun lokalt i Gulen, eller eit nasjonalt lånekort. Då kan du bruke det på alle bibliotek i heile Noreg.
Det gir deg også tilgang til ei rekkje digitale tenester.
Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen.
Biblioteket ber om at ein tar kontakt om ein skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.
Kva kostar det?
Det er gratis å låne, og det er inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.
Lånetid
Lånetida er slik:
- Bøker og lydbøker 4 veker
- Filmar (dvd) 1 veke
- Tidsskrift 2 veker
Vil du fornye lånet ditt?
Det er mogeleg å fornye det du har lånt to gonger viss ikkje andre har reservert det. Du kan fornye det du har lånt via e-post, telefon eller via heimesida til biblioteket
Fjernlån
Om du spør etter ei bok som biblioteket ikkje har, kan den vanlegvis lånast inn frå eit anna bibliotek. Det er då eigarbiblioteket sine lånereglar som gjeld. Du får beskjed når boka kan hentast.
Slik leverer du
Lever det du har lånt i skranken på biblioteket. I Eivindvik kan du utanom opningstid levere på kommunehuset i innbyggarservice kl. 9-15 måndag til fredag.
Purring
Om du ikkje leverar innan fristen, får du purring.
Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det.
Om du ikkje leverar materiale etter tre purringar, sendast det erstatningskrav for det du har lånt jmf. utlånsreglar for Gulen folkebibliotek.
Våre digitale tenester
- E-bøker og e-lydbøker
Lån e-bøker og e-lydbøker gjennom appen Bookbites.
- Fjernlån
I Biblioteksøk kan du sjølv bestille bøker og hente dei på hovudbiblioteket i Eivindvik.
- Norske kort -og dokumentarfilmar
Filmbib er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt.
- Elektroniske aviser og tidsskrift
Pressreader gir deg tilgang til over 6300 aviser og tidsskrift frå heile verda.
Les meir om korleis ein nyttar tenesta
- Eventyr på fleire språk
På Lesekroken kan du lese og høyre eventyr på fleire språk.
Passordet er Gulbib