I møte med miljø- og klimautfordringane vi står ovanfor, ynskjer Gulen kommune å gjere det lettare for innbyggarane å ta fleire berekraftige val i kvardagen. Vi har derfor sett i gang pilotprosjektet «Grønare kvardag». Her kan du finne informasjon om ulike tema og tips til kva du kan gjere for å bidra til eit meir helse-, miljø- og klimavennleg samfunn. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.