Berekraftig mat og matsvinn

Ulike klimagassar og skadelege utslepp stammar frå ulike faktorar i landbruket som ved bruk av kunstgjødsel og sprøytemiddel, i dyrefôr, ved prosessering, transport og distribusjon av maten. Utslepp kjem også frå energibruk ved lagring, kjøling og dyrking i drivhus.

Matsvinn bidreg også til store utslepp. I Noreg kastar vi 450 000 tonn etande mat, kvart år. Det svarer til omtrent 85 kg per person. Hushaldsleddet står for nesten halvparten av dette (48%). FN har estimert at vi kastar ein tredel av all mat som blir produsert i verda. Det er både eit miljømessig og etisk problem.

Den gode nyheita er at vi alle kan gjere noko med å redusere dei store belastningane mat har på natur, miljø og klima. Der er mange grunnar til at matsvinn oppstår, og mange av dei er val vi tek heime, kvar dag. Som forbrukarar kan vi endre åtferd og bli meir klar over våre val i kvardagen.

Lenger ned på sida finn du tips til meir berekraftig matforbruk. 

 

Hauste mat frå naturen

Mykje mat kan haustast, heilt gratis, frå naturen. Haustingsretten er også ein viktig del av allemannsretten og gir oss høve til å hauste ulike ressursar frå naturen.

Men ein kan ikkje hauste som ein vil til større eller kommersielt bruk. Nokon sjeldne plantar, bær og sopp kan vere freda mot plukking. Ta ein kikk på Allemannsretten før du forsyner deg i naturen. Skal du plukke med deg naturprodukt utover det allemannsretten gir rett til, må du ha løyve frå grunneigar.

Raudlista artar

På Norsk raudliste over artar finn du ei oversikt over artar som har risiko for å døy ut i Noreg. Artane er freda mot innsamling. Det finst i tillegg freda og prioriterte artar, som også er freda mot innsamling.

Matsanking i naturen 

Mykje såkalla ugras som skvallerkål og løvetannblad er også næringsrikt og kan etast. Lån deg ei bok på bibliotek eller søk på nettet om matsanking i naturen. Nokre stader kan du også finne eldsjeler som driv med felles sanking av sopp og urter.

På Norges sopp- og nyttevekstforbund finn du også oversikt over mange nyttevekstar og kva plantedelar du kan ete, ulike arrangement og tips til berekraftig sanking.  

«Under ferdsel i utmark​ kan ålmenta  hauste ville nøtter som skal etast på staden og plukke og ta med seg ville blomstrar, plantar, bær og vill sopp, som ikkje er trua, og dessutan røter av ville urter, når det skjer omsynsfullt og med tilbørleg aktsemd.» - Allemannsretten

Note: Allemannsretten må sjåast i samanheng med andre regelverk, til dømes straffelova, Finnmarksloven, minerallova, havressurslova og naturmangfaldlova. 

Dyrke sjølv

Å dyrke sin eigen mat er kjekt både for store og små. Det gir deg også meir mattryggleik, og tilgang til kortreist og meir miljø- og klimavennleg mat. Byrj i det små og prøv deg fram. Viss du først prøver er det «fare» for at du blir biten av dyrkebasillen.

Dyrk noko av det du et mest av. Om du berre har hage eller ein balkong er mindre viktig. Mykje kan dyrkast i potter, pallekarmar og bed. Byrj gjerne med nokre få matvarer før du kjenner deg trygg på å utvide. Mat som poteter, kvitløk, tomatar og urter er mat det er relativt enkelt å få til. Våg å prøve og feile. Det er ein del av å lære å dyrke sjølv. Snart vil du merke gleda av å hauste eigenprodusert og kortreist mat.

Dyrk giftfritt utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Det tek vare på viktige pollinerande insekt og mikroorganismar i jorda, og er betre for dyr, natur og helsa vår. Les meir om økologisk matproduksjon under tema på sida her.  

Kaste mindre mat

I Noreg kastar vi 1200 tonn med mat, kvar einaste dag. Hushalda kastar framleis 40,3 kg med mat per person kvart år. Innbyggarane i NGIR-regionen kastar 46 kg matavfall per person. Mykje av det er mat som kunne vore ete. Det må vi gjere noko med.

Matproduksjon tek enorme landareal og gir store miljø- og klimaskadelege utslepp, både ved produksjon, frakt og når det endar opp som avfall. Matproduksjonen i verda står for ca. 30 % av dei menneskeskapte klimagassutsleppa. Det krevst i tillegg store vass- og jordressursar for å dyrke og foredle korn, kjøtt og andre råvarer.

Matsvinn åleine, står for ca. 8 % av dei same utsleppa. Vi kastar mest måltidsrestar, brød- og bakevarer, frukt og grønt - matvett.no 

Tips til å redusere matsvinn i heimen

  • Planlegg måltid og bruk først opp det du har i skap, kjøleskap og frys.
  • Ha ein restedag eller to i veka og lag nye retter av middagsrestar. Mykje kan til dømes brukast i ein pytt i panne, suppe eller ein gryterett.
  • Oppbevar maten rett. Kjøleskapet skal liggje på mellom 2-4 grader. Er det for varmt får maten kortare haldbarheit og blir dårleg før tida.
  • Oppbevar mat i lufttette behaldarar. Då varer han lenger. Brukte syltetøyglas er fine å både oppbevare og fryse ned mat i.
  • Ha ein boks eller hylle med «Må etast snart» i kjøleskapet.
  • Bruk sansane dine. Mykje mat som tørrmat og egg har ei mykje lengre haldbarheit enn det datostemplinga tilseier. Lukt, smak og sjå – mykje kan etast trass overskriden datostempling
  • Frys ned det du ikkje bruker. Del opp i porsjonsboksar så det er lett å ta ut akkurat det du skal bruke.
  • Hald orden i kjøleskap, frys og matskap og rydd med jamne mellomrom. Det gir betre oversikt over kva du har og kva som bør etast snart.                     

FNs berekrafts delmål 12.3: «Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.»

Kortreiste matvarer

Importert mat kan innehalde sprøytemiddelrestar og giftstoff som ikkje blir tillatne brukt i Noreg.  Å handle lokalt og kjøpe norskproduserte matvarer støttar også opp om lokale bedrifter, bønder og arbeidsplassar i Noreg.

Mat produsert lokalt eller i Noreg vil også ha eit lågare utslepp ved transport, enn om du kjøper importert mat. Men utsleppa ved transport utgjer ein mindre del av dei totale utsleppa. Sjølve produksjonen av maten gir normalt mykje større utslepp enn transporten. 

Spesielt seinsommar og haust har vi mykje tilgang til kortreist mat som poteter, eple, gulrøter, og andre frukt og grønsaker. Kjøp meir norske sesongvarer generelt når du kan – så unngår du importerte varer. Sjå etter merket Nyt Noreg eller sjekk opphavsstad på varen. Ei oversikt over lokalmatprodusentar i Nordhordaland finn du her.

Mange stadar i Noreg finst også salskanalar for lokalprodusert mat, som Bondens marknad og REKO-ringen. Det siste ein omsetningskanal for lokal mat - direkte mellom deg og bonden. Vil du starte REKO-ring i Gulen? Kontakt REKO-ringen for detaljar om det og kvar dei ulike salsstadene finst i dag.

Her finn du grafikk som viser klimagassutslepp over heile verdikjeda for ulike mattypar

Meir naturvennlege og økologiske matvarer

Når du vel økologisk varer frå økologisk produksjon, unngår du mat produsert med kjemisk-syntetiske sprøytegifter og kunstgjødsel. Det bidreg til eit rikare artsmangfald, betre dyrehelse og eit rikare jordsmonn. Du unngår også skadelege kjemikaliar i maten din, som over tid kan bidra til sjukdommar. 

Økologisk landbruk jobbar for å halde oppe og fremme helse til jord, plantar, dyr, menneske og jordkloden som ein udeleleg heilskap. Ja, kven sin idé var det eigentleg å dyrka mat med giftstoff.

Kunstgjødsel har ein negativ påverknad på livet i jord og vatn, og reduserer talet på viktige mikroorganismar kraftig. Nordmenn har omtrent 300 framandstoff i kroppen sine per i dag. Studiar viser at sprøytegift sirkulerer i kroppane våre etter at vi har ete dei, men at nivåa fell drastisk om vi endrar til økologisk mat. Betre dyrevern er også sentralt i økologisk produksjon. Les meir om det hos økologisknorge.no

Ifølge Økologisk Norge inneheld meir enn halvparten av maten vi et, restar av sprøytegifter. Ein av tre matvarer inneheld restar av to eller fleire stoff. Verstingane er importerte varer. Sprøytegifter og kunstgjødsel kan vi aktivt velje bort ved å velje økologiskprodusert mat. Vel du økologisk følger du også føre-var-prinsippet i forhold til kva den negative langsiktige påverknaden har på natur, jord, helse og planeten, og for kommande generasjonar.

Det er ikkje berre mat som kan veljast økologisk. Produkt som tekstil, plantar og velværeprodukt blir også produserte med økologiske råvarer.

Døme på ikkje-økologisk produksjon 

I ein rapport frå den svensken Naturskyddsföreningen (2024) fann dei at det som blir marknadsført som insekt- og bievennlege plantar i butikken, var fulle av insektgift, som ironisk nok tek livet av insekt. 54 ulike plantar som vart marknadsførte som insektvennlege vart sende til analyse. I 53 av plantane vart det funne sprøytemiddel, blant dei 22 ulike insektgifter, som blir brukte under produksjon av plantane. Flest ulike sprøytemiddel fann ein i jord som følgde med plantane, blant dei stoff som er giftige for meitemark, som er ein viktig jordforbetrar.  

Fakta: Insektmengda i Noreg har frå 2020 – 2023 vorte redusert med 14 prosent kvart år, ifølgje rapport frå Norsk institutt for naturforsking (Nina). Vêr- og klimaendringar blir peika på som ein sentral påverknadsfaktor. Fleire internasjonale forskingsrapportar slår også fast at insektbestandane går ned verda over og at hovudårsakene til insektdød er tap av areal og habitata til insekta, og forureining frå bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel i landbruket. Pollinerande insekt speler ei viktig rolle i økosystem og bidreg stort til matproduksjon. Heile 75 prosent av dei dyrka planteartane våre treng pollinatorar, blant dei mange frukt- og grønsaksortar.

Kjelde: Rapporten frå naturpanelet om pollinatorar og matproduksjon

Les gjerne meir om temaet på økologisknorge.no. Her finn du mykje informasjon og fakta om økologisk produksjon.

Nokon miljømerker du kan sjå for økologisk produksjon:

Et meir plantebasert og mindre kjøtt, fjærfe og fisk

Å ete mindre kjøtt og meir plantebasert er ikkje berre bra for helsa di, men også eit viktig tiltak for å redusere klima- og miljøbelastningane kjøttproduksjon medfører. Plantebasert mat har nemleg mykje mindre belastning på miljøet og gir mindre utslepp enn kjøtt.

Helsedirektoratet sitt kostråd

Helsedirektoratet sitt kostråd frå 2024 er i tråd med meir klima- og miljøvennleg mat. Dei tilrår at vi av helseårsaker bør ete mest mat frå planteriket og mindre kjøtt og foredla kjøttprodukt, maks 350 gram i veka. Men det er ikkje berre av helsegrunnar vi bør ete mindre kjøtt.

Ifølgje FNs landbruksorgan FAO, står utslepp frå kjøttproduksjon for 14,5 % av alle klimagassutslepp i verda. Men berekraft handlar ikkje berre handlar om redusert klimagassutslepp. Kjøttproduksjon gir også store utfordringar som avskoging, høgt vassforbruk, forureining og tap av biologisk mangfald – og i fattige land ofte dårlege arbeidsvilkår for bønder. Eit intensivt landbruk fører også til dårlegare dyrevelferd.

Kjøttfri måndag

Prøv ei kjøttfri veke eller nokre faste dagar i veka utan kjøtt. Der finst mykje god vegetarmat som bør prøvast. Både ferdig i butikkane, prøv vegetaroppskrifter frå nett, eller lån deg ei bok om kjøttfri mat på biblioteket. Eller erstatt kjøttet med proteinrike linser, kikerter og bønner. Med litt krydder vil du neppe sakna kjøttet.

Kjøttfri måndag, eller «Meatfree Monday» er eit internasjonalt konsept med Beatles legenda og vegetarianar Paul McCartney i spissen. Kampanjen oppmodar folk til å ha kjøttfrie dagar og ete meir plantebasert. Ein enkel måte å gjere nokon godt for planeten og framtida. Her finn du også oppskrifter, men på engelsk. På vegetarmat.org finn du norske vegetaroppskrifter.

Fakta - Viltkjøtt og villfanga fisk og sjømat gir lågare klimagassutslepp og miljøbelastning enn kjøtt. Fisk som torsk, sei, hyse, sild og makrell har låge klimagassutslepp, men botntråling og bifangst kan ha negativ verknad på miljø og naturmangfald. Dei største miljøutfordringane frå lakseoppdrett er spreiing av sjukdommar og genetisk innblanding i villfiskbestandar. Men også utslepp av næringsstoff og miljøfarlege stoff, påverkar økosystem og livet i havet. Miljø- og klimapåverknad frå fôrproduksjon skaper også miljøutfordringar, som avskoging av regnskogane i verda, på grunn av bruk av soya i Laksefôr. Sjølvfanga fisk og sjømat vil vere det mest miljø- og klimavennlege alternativet.

Kjelder:

Klimagassutslepp av sjømat (blå søyler) ved landing/slakting vs. europeiske landbaserte kjøttprodukt (brune søyler).  Kjelde Sintef.no

Andelslandbruk og marknadshage

Andelslandbruk

Andelslandbruk er eit direkte samarbeid mellom bønder og forbrukarar, der ansvaret og avlingane blir delte. Andelslandbruksmodellen er normalt basert på fem grunnprinsippe der den eine er å streve etter ei berekraftig landbruksdrift ved å fremme helsa til både jord, plantar, dyr og menneske.

Marknadshage

Ein marknadshage driv gjerne med ein lita kommersiell grønsak- eller fruktproduksjon, drive utan traktor. Grønsakene eller frukta blir seld typisk direkte til restaurant eller forbruker, gjennom gardsutsal, REKO-ringen, grønsakabonnement – eller andelar.

Det finst per i dag ingen andelslandbruk eller marknadshagar i Gulen. Men er du ei eldsjel med eit lite gardsbruk er dette kanskje ein ide for deg? 


Sist oppdatert: 15.10.2024
Publisert: 04.10.2024