HeimSkatt, næring og landbrukGrønare kvardagElektriske og elektroniske produkt

Elektriske og elektroniske produkt

Forbruk av EE-produkt fører til enorme inngrep i sårbar natur verda over og gjev store miljø- og klimaskadelege utslepp.

Her er nokre tips til å redusere forbruket:

  • Bruk færre elektroniske apparat og bruk dei du har lengst mogleg.
    Så kjedeleg, men så enkelt.
  • Gjenbruk og kjøp brukt. Sel eller gje vekk elektronikk som du ikkje bruker. Brukt sparer planeten for ny miljø- og klimabelastande utvinning og produksjon. www.hulii.no er døme på ein norsk nettbutikk som tilbyr kvalitetssikra brukt forbrukarelektronikk. 
  • Du bidreg også til mindre forbruk og auka levetid per eining viss du er blant dei som ikkje må ha absolutt siste modell av alt. Ikkje la deg lokke av produsentar og reklamane deira, som vil ha deg til å forbruke mest mogleg og kjøpe nytt, når det ikkje trengst. Av og til kan eldre produkt også ha betre kvalitet enn dei nye alternativa.
  • Reparer og bruk tinga til dei ikkje verkar meir. Og vel ting som faktisk kan reparerast. På Ifixit blir elektronikk rangert etter kor reparerbart det er, med spesielt fokus på mobiltelefonar, nettbrett og berbare datamaskiner. På nettsida deira finn du også over hundre tusen reperasjonsguidar, for alt frå elektronikk, til klede og bilar.
  • Bruk reklamasjonsretten! Hugs å få kvittering eller faktura når du handlar. Det meste av elektronikk har nemleg fem års reklamasjonsrett, når forventa levetid går utover garantitida til produsenten. Det vil seie at du har rett til å få reparert produktet dersom det sluttar å fungere som det skal, utan din påverknad. Viss produktet ikkje let seg reparere etter to gonger, har du tredje gong rett på eitt nytt produkt. 
    Det er viktig å bruka reklamasjonsretten, fordi den sparer marknaden for nye produkt og sender signal til produsentane om å laga meir haldbare produkt.

Produkt som mellom anna er meinte til å vare i meir enn fem år er pc, mobil, kvitevarer og tv. Sjekk forbrukarkjøpslova og les om klagerett etter ny forbrukarkjøpslov her.

Obs - Frå 1. januar 2024 kom ei ny forbrukarkjøpslov. Den seier; du har rett til at ting som blir leverte med operativsystem eller anna programvare, blir oppdatert jamleg i minst 5 år. 

  • Vel miljømerka. Epeat er det mest brukte miljømerket innan elektronikk. Det sparer oss for unødvendige miljøgifter, produkta er laga av meir resirkulerte materiale og er ofte meir straumgjerrige. 
    • Lever til gjenvinning. Elektronikk inneheld mange miljøgifter som miljøgiftige og helseskadelege fluorkarbon (PFAS). Det er viktig at dette blir rett handtert. Elektronikk inneheld også edle metall og sjeldne grunnstoff, som er ein knapp ressurs. Desse må vinnast tilbake og brukas på nytt, så ein reduserer behovet for naturøydeleggande nyutvinning. Derfor skal EE-produkt ikkje kastast i restavfallet, men leverast til gjenvinning hjå NGIR eller forhandlarar av elektronikk. 
      Mange forhandlarar har også panteordning for mobiltelefonar og nettbrett. Er nettbrettet eller mobilen i grei stand får den ei overhaling og blir seld vidare. Mobilar og nettbrett som verkar kan også seljast på nettsider som www.finn.no.
      Hugs å fjern sim- og minnekort, og gjenopprett fabrikkinnstillingar når du leverer dei inn, slik at alt innhald blir sletta.

Fakta - Undersøkingar gjort av Norsirk og Framtiden i våre hender viser at vi nordmenn har rundt 10 millionar gamle telefonar og rundt éin million nettbrett liggjande heime, som ikkje blir brukt. 
Stena recycling demonterer elektronisk avfall og batteri så giftig avfall blir handtert forsvarleg, og verdifulle ressursar kan bli til nye produkt.

Fakta om elektriske og elektroniske produkt

Å vinna tilbake EE-avfall er svært miljøvennleg, og sparer miljøet for store mengder CO2-utslepp. Når vi let EE-avfall som gamle mobiltelefonar ta del i ein sirkulær økonomi, kan vi redusere utvinninga av nye råmateriale og sørge for at miljø- og helseskadelege stoff vert handtert.

Forbruk generelt av elektriske og elektroniske produkt gjev enorme naturinngrep, og miljø- og klimaskadelege utslepp. Ein smarttelefon inneheld til dømes fleire komponentar laga av grunnstoff som EU bereknar som kritiske råvarer, fordi stoffa ikkje er fornybare. Dette har fått ei gruppe forskarar til å åtvare mot at vi om nokre år vil oppleve kritisk mangel på mange viktige grunnstoff.

Frå gruver hentar vi stort miljøproblem, med utslepp av giftige kjemikaliar og tungmetall. Menneske som bur og arbeider ved slike gruver, blir også påverka, med dei helse- og miljøskadelege konsekvensar det medfører.

Produksjonen av kobolt som blir brukt i batteri gjev store miljømessige og menneskelege utfordringar. Men det gjer også andre metall, som kopar, tinn og gull, som blir brukt i mobilar.
For å vinna ut til dømes eitt gram gull, må vi sprenge og knuse omtrent 1000 kilo fjell, noko som etterlet seg djupe spor i naturen.  I Latin-Amerika, til dømes, har gullutvinning bidrege til rasering av regnskog, ureina luft og forgifta vatn over heile regionen.

Gjenvinning er viktig, slik at vi kan ta vare på ressurane som allereie er tekne ut, og buke dei om att. EE-produkt skal ikkje kastast i restavfallet men leverast til gjenvinning slik at  materiale i produktet kan brukast om igjen. Berre ein firedel av 62 millionar tonn med elektronisk avfall vart resirkulerte i 2022, ifølgje FN. Det betyr store mengder EE-avfall på avvege lekkasjar av tungmetall, giftige kjemikalier og plast. Det meste EE-avfallet inneheld helse- og miljøfarlege stoff.

Frå NGIR-regionen kasta hushalda i 2023; 4 kg elektronisk avfall per innbyggar per år. I tillegg kjem EE-avfallet som vert returnert direkte til forhandlarane og det som blir kasta i restavfallet. 

Ifølgje Miljødirektoratet vart det i 2023 rapportert ei total mengd innsamla elektronisk avfall på cirka 143 700 tonn i Noreg. Det svarer til over 26 kilo EE-avfall per person.

Men ikkje alt kan eller blir vunne tilbake. Frå telefonen din, til dømes, blir berre nokre få av dei omtrent 40 grunnstoff vunne tilbake og brukt om igjen. Resten blir kasta. Veksten i forbruk og kast av elektronikk har ført til at det blir vunne ut for mykje verdifulle metall.

Eit lågare forbruk av elektronikk, samt å nytte det vi allereie har lengst mogleg, er det beste vi kan gjere, for å redusere dei negative følgene av EE-forbruket vårt. 

Avfallspyramiden viser prioriteringar i norsk avfallspolitikk, der det øvste, avfallsreduksjon, er det prioriterte og det siste, deponi, skal vere siste utveg for avfall.

Kjelde: NGIR og Miljødirektoratet / miljøstatus.no

Hugs - Elektroniske leikar, sko og bursdagskort blir også rekna som EE-produkt og skal leverast inn til gjenvinning. Batteri inneheld også miljøgifter og gjenbrukbare materiale, og skal leverast inn til forsvarleg gjenvinning i matvarebutikken din, eller der du kjøper elektronikk.


Sist oppdatert: 17.07.2024
Publisert: 17.07.2024