Det kommunale næringsfondet
Det kommunale næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av ny verksemd og til utvikling av næringslivet. Fondet kan og nyttast til infrastrukturtiltak, utviklingsretta fellessatsingar og tiltaksarbeid.
Godt gjennomarbeidde søknader oppnår det raskaste og beste resultatet.
Søknader frå private til næringsfondet er unnateke frå ålmenta etter offentleglova § 13, og vert behandla konfidensielt, til vanleg av formannskapet. Positive vedtak, med namn på støttemottakar, sum og generell omtale av støtteføremålet, er offentlege.
Søknaden skal leverast elektronisk på nettsida www.regionalforvaltning.no
Bedriftsretta tilskot
Støtte frå næringsfondet kan løyvast til tiltak som inneber "eit løft" for bedrifta og utgjer ei vesentleg satsing frå bedrifta si side. Støtte frå næringsfondet skal verke utløysande på tiltaket. Små investeringar og dei vanlege driftskostnadene fell utafor ordninga. Reine utskiftingar vert ikkje støtta. Tilskot skal ikkje føre til konkurransevriding i nærmarknaden.
Tilskot til fysiske investeringar
Bedrifter med ein årleg omsetnad inntil kr 5 mill. kan få støtte til fysiske investeringar, dvs. bygningar, maskiner og utstyr. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 500 000 kan vurderast. Tilskotet kan utgjere maksimalt 30 % av kostnadene, inntil kr 150 000.
Tilskot til utviklingstiltak
Fondet kan støtte utviklingstiltak med normalt inntil 50 % av kostnadene. Med utviklingstiltak er meint t.d. forprosjektering/planlegging (gjerne i samband med førebuing av søknad til Innovasjon Norge), marknadsundersøking, opplæring/kompetanseheving og produktutvikling. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 200 000,- kan vurderast.
Maksimalt tilskot pr sak
Tilskot til fysiske investeringar og utviklingstiltak til saman kan utgjere maksimalt kr 150 000 pr sak.
Tilskot til fellestiltak
Satsingar med god samfunnsmessig næringsutviklingseffekt, som infrastrukturtiltak, utviklingsretta fellessatsingar og tiltaksarbeid, kan støttast. Støtte frå næringsfondet skal ha utløysande verknad for tiltaket, og støttenivået er avhengig av kva type tiltak som skal gjennomførast.
Særskilde reglar
- Kostnader som er påløpt før søknaden er sendt vil normalt ikkje verte finansiert av næringsfondet.
- IT-programvare vert rekna som fysiske investeringar. Støtte til mobile driftsmiddel skal normalt unngåast.
- Det er ikkje høve til samfinansiering mellom næringsfondet og andre distriktspolitiske verkemidlar når det gjeld private prosjekt.
- Tilskot vert normalt utbetalt etter at tiltaket er gjennomført. Tilskotsmottakar må sjølv syte for mellomfinansiering.
- Tradisjonell utbygging innafor landbruket kan ikkje støttast. Lokalmarknadsbaserte tiltak innafor bransjer med overkapasitet vil normalt ikkje verte støtta. Elles er det få avgrensingar på kva slag næringsverksemder som kan få støtte.
- Ingen har krav på støtte. Ei heilskapsvurdering av prosjektet, målt mot retningslinene for fondet og utviklingsplanar som gjeld for kommunen, vil vere utslagsgjevande for kva for prosjekt som vert støtta. Det 4-årige handlingsprogrammet i kommuneplanen sin samfunnsdel ligg til grunn for den kommunale satsinga innafor næringsutvikling.
NB! Dette oversynet dekkjer ikkje alt. Kontakt oss for nærare utdjuping av ting som gjeld verksemda di.
Søknaden - kva bør med?
- Søkjar: Namn, adresse, org.nr., tlf.nr., e-postadresse, banksamband, rekneskapsførar
- Prosjektleiar: Namn, adresse, tlf.nr., alder, utdanning, arbeidsbakgrunn
- Innhald i prosjektet det vert søkt om støtte til: Bakgrunn, idè, mål og planar, kva skal gjerast og korleis?, opplæringstrong, sterke og svake sider ved prosjektet osb.
- Framdriftsplan
- Forventa resultat av på kort og lang sikt, m.a. sysselsettingseffekt
- Budsjett for prosjektet: Kostnader bør delast opp i Fysiske investeringar og Utviklingstiltak
- Oversyn over forventa utbetalingar og innbetalingar for dei 12 første månadene (likviditetsbudsjett), med plan for finansiering av eit eventuelt gap mellom ut- og innbetalingar
- Finansieringsplan for prosjektet: Banklån, kontant eigenkapital, eige arbeid, eigen material, tilskot frå næringsfondet, anna finansiering
Krav til vedlegg for verksemder som er i drift:
- Driftsbudsjett for verksemda
- Årsrekneskap m/noter, styre- og revisorberetning (AS) eller næringsoppgåve for dei to siste åra
- Siste perioderekneskap
- Eventuell selskapsavtale (ved fleire eigarar) og aksjonæroversyn (AS).
- Utgreiing om historie, produkt, den økonomiske utviklinga, marknads- og konkurransetilhøva, planar framover, bransjetilhøva, marknadsføring og produktsal, teknologinivå, spesialkompetanse, kapasitetsutnyttingsgrad osb.
Treng du hjelp med søknaden eller ynskjer å drøfte planar?
Ta gjerne kontakt med vårt interkommunale næringsselskap Gulen og Masfjorden Utvikling AS.
Det kommunale næringsfondet er ein del av det distrikts- og regionalpolitiske verkemiddelapparatet, som mellom anna er regulert i forskrift.