Klårlegging av eksisterande grense
Grensepåvisning
Klårlegging av eksisterande grense vert utført både for sikre og usikre grenser.
Sikre grenser
Sikre grenser er tidlegare innmålt og koordinatfesta grensemerker, der grensa er bestemt i tidlegare kartforretning/oppmålingsforretning. Ved sikre grenser har ein målebrev/matrikkelbrev over eigedomane med koordinatar.
Usikre grenser
Ved usikre grenser må eldre dokumentasjon (skyldskifte og utskiftingsdokument) granskast/tolkast og samanlikna med grensemerker som finns i terrenget. Det krevst oppmålingsforretning ved all klårlegging av grenser, og då vert eigarane og naboar innkalla til oppmålingsforretning. Her vert resultatet av undersøkinga framlagt, samtidig som partane vert invitert til å kome med sine synspunkt og grensepåstandar. Ved semje om grenseforløpet vert eigedomsgrensa merka, målt og nøyaktig kartfesta.
Kven kan søkje?
Klårlegging av eksisterande grenser kan søkjast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen, vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.
Kva skal søknaden innehalde?
For rekvisisjon av klårlegging av eksisterande grense, ta kontakt med din kommune eller bruk skjema.
Søknad om oppretting_endring av matrikkeleining_rekvisasjon av oppmålingsforretning
Eventuelt vert det forlanga underskrift av søkjar på eit anna dokument. Det må leggjast ved eit kartutsnitt der det er markert kva grensepunkt som skal påvisast. Kart over eigedomen finn du her.
Saksgang
Etter at kommunen har motteke søknaden, føretek ein utsetting/påvisning av grensepunkta. Kommunen varslar søkjar og aktuelle partar om oppmålingsforretninga.
Matrikkelbrev
Etter saka er avslutta vert det sendt ut nytt matrikkelbrev til partane, dersom avviket er større enn 10 cm.
Det vert vist til matrikkelforskriftens § 36, klårlegging av eksisterande grense.