Kommunale tomter
Gulen kommune har for tida desse ledige bustadtomtene for sal
Tomtefelt | Stad/Region | Ledige tomter for einebustad | Reserverte tomter | ||
Tal | Nummer | Tal | Nummer | ||
Øvre Stølen II | Eivindvik | 3 | 23, 30, 51 | 0 | |
Gåta | Byrknes | 14 | 1-6, 8-9, 11-16 | 0 | |
Ytre Stranda | Oppedal | 2 | 3, 4 | 0 | |
Stølsåsen | Dalsøyra | 1 | 3 | 0 | |
Hovden I | Eidsbotn | 3 | 8, 10, 15 | 3 | 5, 6, 7 |
Hovden II | Eidsbotn | 7 | 5,10, 13-15, 17, 20 | 1 | 9 |
Ortneset | Brekke | 1 | 7 | 0 | |
Tynning | Brekke | 2 | 0 | ||
Felleskjøptomta | Brekke | 1 | 0 | ||
Ortneset Vest | Brekke | 6 | 4, 5, 10, 12, 13,16 | 1 |
(Klikk på tomtefelt for kart.)
I tillegg til tomtene over har kommunen tomter for fleirbustader i Hovden II (KS2 og KS3) og i Ortneset Vest (B3 og B7), for reservering til gode prosjekt etter nærare vurdering.
Status pr juni-24 er at KS3 og B3 er reserverte, B7 er uavklart og KS2 er ledig.
Oversyn over private bustadtomter til sals finn du på Gulen og Masfjorden Utvikling AS sine heimesider.
Her finn du oversiktskart over Gulen kommune...
Reglement om sal av kommunale tomter
Pris pr. 01.01.24, gjeldande for private (pris for næringsmessig utbygging vert fastsett i eigne saker):
Tilrettelegging kr 119 325,00
Kjøp av grunn pr. m2 kr 25,46
Overdraging skjer når utbyggingsprosjektet er godkjend og fysisk utbygging er i gang. For tomter eldre enn 20 år er tilretteleggings- og grunnkjøpspris kr 0.
I tillegg kjem offentlege gebyr og avgifter, som for ei vanleg tomt på 1-2 da vil utgjere omlag dette:
Deling kr 3 210,-
Oppmåling kr 34 000,-
Gebyr for matrikulering kr 175,-
Tinglysing (matrikulering og skøyte) kr 500,- x 2
Dokumentavgift skøyte ca kr 4 000. Avgifta er på 2,5 prosent av eigedomen sin verdi på tinglysingstidspunktet.
Tilknyting vatn kr 16 573**
Tilknyting kloakk kr 24 887***
**Bustadtomtene på Gåta, Stølsåsen, Ytre Stranda, Ortneset, Tynning og Felleskjøptomta er knytt til privat vassforsyning, med andre satsar.
***Felleskjøptomta har ikkje høve til å knyte seg til kommunal avlaupsløysing.